Kultur | 27. juni 2014

Forlengar støtta

Alutec forlengar sponsoratet av Oseana for tre år. – Det er ein gledens dag. Alutec er definitivt ein av våre største samarbeidspartnarar, seier Ole Tobias Lindeberg.

Forlengar støtta
Ole Tobias Lindeberg gler seg over å ha med Alutec vidare (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 27. juni 2014 09:05

Denne veka signerte Alutec og Oseana ei sponsoravtale verd éin million kroner fordelt på tre år. Dermed forlengar selskapet sitt engasjement for kunst- og kultursenteret etter at dei også var ein av hovudsponsorane i prosessen med å få realisert bygget.

– Vi er glade for å vera i ein posisjon kor vi kan bidra til Oseana kunst- og kultursenter.

– Det er eit fantastisk bygg som er med på å gjera Os til ei attraktiv bygd å bu i og å koma til.

– Samstundes har vi vore litt oppgitt over den småligheiten og småkranglinga som har vore rundt dei startvanskene Oseana har hatt.

– Difor er det viktig for oss å visa at vi har tru på Oseana og å støtta opp om eit godt prosjekt. Eit prosjekt som ikkje berre er bra i dag, men som òg vil gleda av i generasjoner, seier Espen Aspenes i Alutec.

Glad for tilliten

Ein ferieklar Oseana-direktør, Ole Tobias Lindeberg, strålar over tilbakemeldinga frå Alutec.

– Den tilliten Alutec viser oss ved å forlenga avtalen set vi utruleg stor pris på.

– Eg meiner det viser at vi gjer noko rett og at næringslivet i Os har tru på oss.

– Kva motytingar ligg i avtalen?

– No vil ikkje eg gå i detalj, men tilgang til arrangementa og lokala våre er sjølvsagt eindel av det.

– Med denne avtalen held Alutec fram som ein av hovudsponsorane våre, og gjev oss grunnlag for å utvikla innhaldet i, og drifta av, huset, avsluttar Lindeberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.