Lokal | 04. des. 2020

Forlenger den lokale forskrifta i to veker - med desse 10 endringane

Utvida skjenking og litt fleire som kan samla seg heime.

Forlenger den lokale forskrifta i to veker - med desse 10 endringane
Ordførar Trine Lindborg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. des. 2020 14:35

I møte i formannskapet tysdag låg det an til at Bjørnafjorden kommune ikkje ville vidareføra den lokale, skjerpa smittevernforskrifta når den går ut etter søndag 6. desember.

– Sjølv er eg litt uroa for om dette er lenge nok. Men i dag har vi 10 personar som er sjuke og smitteberande, til helga kanskje null. Då er det vanskeleg å forsvara å ha strenge tiltak, sjølv om Bergen måtte velja å ha ei streng linje, sa assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale tysdag.

I så ville det vore tilbake til nasjonale reglar og anbefalingar.

Nokre av forskjellane på nasjonale og lokale reglar:
Privat: Nasjonalt kan du ha inntil fem gjestar, lokalt kan du maks vera fem samla.
Uteliv: Nasjonalt kan du ha ope til klokka 24, lokalt til 22.
Arrangement: Nasjonalt kan du ha 200 gjestar, lokalt kan du ha 20

Men no fortel kommunen at dei vidarefører forskrifta, med desse endringane:

  • Talet på personar som kan samlast i heimen aukar frå fem til 10. Gjester og husstandsmedlemmer må halda 1 meters avstand.
  • På innandørsarrangement er det lov med inntil 50 personar med faste sitteplassar.
  • På private innandørs arrangement er grensa framleis 20.
  • Idrettshallar, svømmehallar og treningssenter kan halda ope for individuell trening. Gruppetrening vil framleis ikkje vera tillate dei neste to vekene.
  • Bingohallar, bibliotek og liknande som har halde stengt, kan no opne, under føresetnad av at det ikkje er fleire til stades enn at det er mogleg å halde 2 meters avstand.
  • Sjenkestadar og serveringsstadar får utvida opningstid til klokka 23.
  • Servering av alkohol utvidast med ein time til klokka 22.30. Dette gjeld òg kulturarrangement.
  • Kulturarrangement med førehandsselde billettar vil kunne spela ferdig framsyninga som planlagt.
  • Vidaregåande skular vil ikkje lenger vere pålagt raudt nivå. Det blir opp til Vestland fylkeskommune eller den enkelte skuleeigar å vurdera.
  • Meir informasjon om besøksrutinar ved sjukeheimar kjem.

Endringane gjeld frå og med måndag 7. desember til og med søndag 20. desember.

– Tiltaka dei siste vekene har vore effektive fordi folk har vore veldig flinke til å følgje dei strenge reglane. Eg vil takka alle bjørnafjordingar for at dei tar ansvar for å hindra smitte. Vi ser at smittetalet i regionen er på veg ned, og det gir håp om ei meir normal julefeiring. Men det føreset at vi held oss til reglane i nokre veker til, seier ordførar, Trine Lindborg i ei pressemelding.

Det er til no denne veka er det berre fire nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.