Sport | 14. jan. 2019

– Forma er god og stigande

Sverre ser fram til siste del av sesongen, der han skal kjempa om både VM-medaljar og verdscupsiger samanlagt.

– Forma er god og stigande
Sverre saman med to festkledde premieutdelarar i italienske Collalbo i går. (Foto: Norges Skøyteforbund)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. jan. 2019 13:55

Etter 3. plass på alle dei tre første distansane låg Sverre Lunde Pedersen godt an til pallplass i allround-EM, og sånn blei det.

– Då eg var rundt midtvegs så kjente eg at eg ikkje hadde så mykje meir å gi. Då handla det berre om å koma seg greit til mål og sikra medaljen, seier Sverre til Midtsiden.

Han cruisa inn på 4. plass på distansen og fekk bronse i allround, hans første EM-medalje.

– Eg føler eg er med i toppen og er nøgd med helga. Det blei tre gode løp, ein litt tung 10.000 meter, og endeleg ein medalje i ein europameisterskap, seier skøytestjerna som tok VM-sølv, OL-bronse og OL-gull i fjor.

– Sjukdom i oppkøyringa prega starten av sesongen, no går eg fortare og fortare. Eg har fått trena og konkurrert samanhengande mange veker, og eg kjenner at forma er god og stigande.

Lover godt for 2xVM

Vi er framleis i første halvdel januar, men det står igjen berre fire helger av skøytesesongen, femte runde i verdscupen i Vikingskipet, VM i enkeltdistansar i Inzell, allround-VM i Calgary og verdscupfinale i Salt Lake City helga 9. og 10. mars.

– Verdscupen på Hamar blir nok prega av at det er VM få dagar seinare, i forhold til kven som deltar, men det blir kjekt å gå på heimebane.

Også i Inzell kan Sverre få kjensla av å vera på heimebane. Mange nordmenn skal nedover, også frå Os, blant anna dei 18 som reiser på tur med Midtsiden og Os Travel.

– I VM enkeltdistansar er eg spesielt spent på 5000 meter (torsdag 7/2) og lagtempo (fredag 8/2).

Lunde Pedersen trur han også kan ha gode sjansar i allround-VM.

– VM i sprint kan vera ein del tøffare enn EM, men i allround er dei fleste tøffe konkurrentane frå Europa. Det var høgt nivå i EM, men blir ikkje så mykje høgare i VM.

– Kva blir mest spennande i dei to siste rundane i verdscupen?

– Eg ligg på 2. plass samanlagt på 5000 meter. Der har eg god sjanse til å ta gull samanlagt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.