Lokal | 21. juni 2019

Formannskapet stadfesta salet av Fjellheim

Men avgjerdsla vart anka på staden. No ligg det an til ein ny runde i kommunestyret.

Formannskapet stadfesta salet av Fjellheim
Formannskapet stadfesta i dag kommunestyret sitt val om å selgja Fjelheim. Avgjerdsla vart anka vidare til kommunestyret. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 21. juni 2019 12:14

I mars i år avviste Os kommune bod på 6 millionar kroner på Fjellheim, frå Glass & Tre AS, ved Rolf Lunde.

I samband med eigedomsutvalet si behandlinga av boda som kom inn, kom det opp spørsmål om ikkje Oseana kunne gjera ein moglegheitsanalyse med kostnadar for å få bygget opp til dagens standard. Denne moglegheitsanalysen vart gjennomført av Oseana med bistand frå Rambøll.

Oseana såg på mogleg bruk av bygget med ei utvikling av Fjellheim som kunne utfylla Oseana og gje osingane eit enno breiare kulturtilbod enn i dag. I analysen såg Oseana på bruken av huset og driftskostnader i samband med bruken.

Rapporten konkluderte med at det ville vera høga kostnadar ved å setja Fjellheim i stand.

– Dokumentet frå Oseana er bra

I dagens møte i formannskapet skulle politikarane ta stilling til om dei skulle ta moglegheitsstudien frå Oseana til orientering, og frå adminstrasjonen låg følgjande vedtak til votering:

«Os formannskap tek moglegheitsstudien vedk. Fjellheim til orientering. Formannskapet stadfestar Os kommunestyret sitt vedtak av 20. februar 2018, sak 10/2018, kor eigedomsutvalet får fullmakt til å selje Fjellheim, gnr 52, bnr 47 etter dei prinsipp som er vedteke i kommunestyresak 28/2016.»

Nils-Anders Nøttseter (MDG) såg positivt på det han hadde lese i rapporten frå Oseana.

– Det er bra at vi har fått dette på bordet, og eg er ikkje uroa eller overraska over summen.

– Dokumentet frå Oseana er bra. Det vi ser her er eit heilt nytt konsept. På investeringsbudsjettet er dette ikkje mykje, og om Os kommune i eit spleiselag tek halvparten er det berre snakk om 10-15 millionar kroner.

Tidsfrist og eventuelt riva sjølv?

Marie L. Bruarøy (H) fokuserte på tid.

– Bygga og tomta har vore ute på marknaden i lengre tid no, og vi har så langt ikkje godteke dei boda vi har fått. Skal vi sjå på å avgrensa den perioden vi sel hus og tomt?

Med dette meinte Bruarøy at det måtte setjast ein sluttdato for å ha bygg og eigedom ute på marknaden slik det står no.

– Vi må vurdera om vi etterkvart kanskje tek rivinga sjølv, og legg ut for sal ei ferdig planert tomt. For meg er dette alt for mykje pengar, det er ikkje budsjettdekning for dette og vi kan ikkje driva å investera overalt.

Glenn Erik Haugland (V) meinte rapporten og initiativet frå Oseana var gode.
– Eg tenkjer vi må gi dette ein sjanse. Oseana seier jo sjølv at dei treng desse småscenane som Fjellheim kan gje.

Ikkje eit bestillingsverk - og kva med trafikken?

Terje Søviknes (Frp) var ikkje overraska over det han hadde lese i rapporten;

– Frå min ståstad er eg ikkje overraska over det som kjem fram. Eg noterer meg at nokre meiner dette er eit bestillingsverk. Det er det ikkje.

Søviknes meinte det er vanskeleg å sjå realisme i ei spleiselags-løysing som er bra for kommunen.

– Konseptet og ideen er bra, men dette kjem raskt i konflikt med planar og konsept vi har bestemt for å realisera i Os Aktiv. Både innan idrett og kultur. Det er begrensa kor mange plassar vi Os sentrum vi skal leggja tyngden for slike aktivitetar. Innstillinga er i mine auge korrekt.

Søviknes minna òg formannskapet på ei utfordring han meinte var lite kommunisert ut:

– Det ligg eit rekkefølgjekrav i høve til rundkøyring i området. Vert det pleiselag her òg?

Søviknes oppmoda difor planavdelinga om sjå på dette plankravet på nytt;

– Dette bør Os kommune sjå på saman med Statens vegvesen på nytt. Slik det er no er dette er ein bremsekloss for utvikling i dette området av Os.

– Vi må gje dei tid

Helge Steinun (Ap) såg positivt på rapporten. Han minna òg på all honnøren Eirik André Hesthamar (Frp) gav «Oseana-gjengen» under handsaminga av årsrekneskapen for 2018 for Oseana KF i kommunestyremøtet tysdag denne veka.

– Vi må gje dei tid til å jobba vidare med dette konseptet, og vi ikkje ikkje til å støtta riving.

Nøttseter (MDG) støtta Steinum;

– Oseana er framoverlent, vi må gripa dette og vi må gje dei tid til å konkretisera dette spleiselaget.

Nøttseter spelte så eit framlegg til vedtak inn i debatten, signert Ap, V og MDG:

«Formannskapet tilrår at kommunestyret opphever vedtak om sal av Fjellheim. Kommunen bør sjå om det er mogleg med eit spleiselag for å setje bygget i stand slik at Oseana kan utvide kulturtilbodet i bygda med eksisterende driftsorganisasjon.»

Vedtak med anke

Det alternativet framlegget frå Ap, V og MDG fall med fire stemmer mot fem stemmer til framlegget frå administrasjonen.

Nøttseter (MDG) var umiddelbart oppe med handa;

– Vi vil gjerne benytta § 4.3 i reglementet om overprøving av saker i formannskapet, og ber om at saka blir sendt til kommunestyret.

Saka om Fjellheim er med andre ord ikkje ferdig diskutert.

Neste møte i kommunestyret er tysdag 24. september.









Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.