Lokal | 12. jan. 2017

To forslag til uttale

Kommunestyret handsama torsdag høyringsuttalen for E39 Stord – Os. Begge fløyer kom med sine framlegg til uttale.

To forslag til uttale
Det var eit stort frammøte av tilhøyrarar då kommunestyret handsama saka om E39 Stord-Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 12. jan. 2017 18:18

Det har aldri vore så mange tilhøyrarar på eit kommunestyremøte som det var torsdag då politikarane skulle gje si høyringsuttale til den statlege planen for E39 Stord – Os.

Etter ein omfattande diskusjon og replikkordskiftet enda debatten med at politikarane skulle røyste over to ulike, heilskaplege framlegg til høringsuttale.

Midtsiden kjem tilbake med meir frå debatten i eiga sak.

Ap, Sp, Krf, V, Tvs og MDG fremja følgjande forslag:

«Os kommune har følgjande merknader til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord – Os.

Kommunedelplanen for E39 Stord – Os synar at motorveg med fire felt og fart på 110 km/t fører til uakseptabel øydelegging av verdifull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Os. Det er store utfordringar med ilandføring i Søre Øyane, men også i områda Solbakken, Ulvenvatnet, Moberg og Kolskogen vert det vanskeleg. Kommunestyret si primære oppgave er å verne kvaliteter som gjer Os attraktiv; natur, friluft og bumiljø.

Hordfast midtre trasè er eit gigantisk vegprosjekt med uvisst omfang og konsekvensar, der kostnadane allereie er langt høgare enn det som KVU og KS1 la til grunn. Om ein skal få nok trafikk til å finansiera prosjektet, treng ei firdobling av trafikken i høve til trafikktala i dag (utan bomepenger). Dette verkar ikkje å vera realistisk alld en tid både trafikkmengda minkar og folkeveksten i distriktet er mykje lågare enn berekna i prognosane og i tilleg er det i strid med overordna klimamål.

Os og Fusa kjem til å slå seg saman til ein kommune. For den nye kommuen vert det viktig med god kommunikasjon over Samnangerfjorden. Den nye kommunen vil ha mykje større nytte av ein E39 som går via Fusa og Tysnes. Det er viktig at denne vegen blir knytta til nye byvegen frå Svegatjørn til Bergen. På lang sikt bør E39 førast vidare frå Fusa og nord til den treff E16.

Os kommunestyre gjer følgjande vedtak:

Os kommunestyre ber departementet om å stogga plan utgreiinga for E39 Hordfast midtre trasé.

Os kommunestyre ber departementet gjera ny utgreiing om alternativ trafikksikker indre trasé tilpassa trafikkmengda og med eit alternativ for miljøvenleg ferjer.»

H/Frp fremja følgjande framlegg til vedtak:

«Os kommune har følgjande merknader til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord – Os:

Os kommune har følgt planarbeidet tett og har hatt fleire møter med arbeidsgruppa i Statens vegvesen. Vi opplever at samarbeidet har vore godt og at våre innspel er tatt på alvor. Det planforslaget som no ligg ute på høyring har i stor grad tatt opp i seg dei merknadene Os kommune har kome med. Os kommune ønskjer difor å følgje det vidare planarbeidet tett og ber Statens vegvesen legge til rette for gode lokale medverknadsprosessar. Os kommune er glad for at SVV har teke initiativ til åha opne kontordagar lokalt i Os der lokalbefolkninga kan få møte sakshandsamarane i vegvesenet og slik drøfte enekltskaer. Kommunen ønskjer og å kunna ha andre typar møteplassar med SVV i det vidare planarbeidet, både administrativt, politisk og med lokalbefolkninga.

Os kommune støttar Statens vegvesen i deira tilråding om å velje alternativ B, bru over Bjørnefjorden og lan tunnel får Øyane og til Moberg, men ser klare utfordringar både med ilandføring i Søre Øyane og i området Moberg-Svegatjørn. Os kommune støttar vidareat ein vel sørleg kryssing av Langenuen (Alt F) på denne del av strekninga.

Os kommune støttar Statens vegvesen om at ein jobbar vidare med utvikling av 3 ulike brutypar og at endeleg avgjerd om brutype over Bjørnafjorden må takast på eit seinare tidspunkt. Os kommune ber om at ein ved endeleg val av brutype, tek mest mogleg omsyn til skånsam ilandføring i Søre Øyane.

Når det gjeld ilandføring av gang- og sykkelsti i Søre Øyane, ber Os kommune om at det vert vurdert ulike ilandføringspunkt for å skåna dei høgt verdsette rekreasjonsområda i Søre Øyane i størst mogleg grad. Vi ber vidare at det blir bakt inn naudsynte avbøtande tiltak både for å redusere lyd og dempe det visuelle inntrykket.

Os kommune ber om at fyllmasse for senketunnell vert lagt langst mogleg bort får land, og at det vert lagt til rette for båtferdsel mellom kunstig øy og landsida.

Os kommune vil stilla krav om at mest mogleg av utstyr og fyllmasser vert transportert sjøvegen via lekter for å unngå undøig tung anleggstrafikk i nærområdet i Søre Øyane. Anleggvegen som skal etablerast, må leggjast med minst mogleg inngrepen i naturen, og det må i anleggsfasen leggjast til rette for friområda rundt kan nyttast. Anleggsvegen må planleggjast nøye slik at den blir liggjande over kortast mogleg tid, og raskast mogleg omgjerast til gang- og sykkelsti.

Tilrettelegging for syklande har vore ei viktig føring i planarbeidet og noko Os kommune støttar. I det vidare planarbeidet ønskjer vi at det vert lagt til rette for eit gjennomgåande godt tilbod for syklande frå Søre Øyane til Svgatjørn.

Når det gjeld av- og påkøyring mot sør på Moberg, ber Os kommune om at vegen vert flytta lenger mot nord for å skåna Solbakken i størst mogleg grad. I tillegg ber Os kommune SVV om å leggja inn i planen også av- og påkøyring mot nord. Dette vil redusera interntrafikken over Ulvenvatnet og Industrivegen, samt gjennom Osdalen.

Os kommune vil be om at det blir grundig vurdert om ikkje meir av den infrastrukturen som blir bygd i dag mellom Teinevika og Svegatjørn kan nyttast i det nye veganlegget og som del av framtidig av- og påkjøringsfelt. Dette for å redusere trafikkbelastinga i Industrivegen.

Når det gjeld daglinje over Ulvenvatnet vil Os kommune be om at det vert jobba vidare med å finne gode løysingar for å dempe ulempene av det store veganlegget både visuelt og støymessig i høve eksisterande bustader og offentlege funksjonar som ligg i området.»

Saka oppdateres når vedtaket er fatta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.