Kultur | 23. sep. 2011

Først i Noreg

Truleg som første band i Noreg teikna ORBO & The Longshots avtale med MOT fredag.

Først i Noreg
Andris Hamrefredag 23. sep. 2011 12:56

I samband med ORBO & The Longshot sin sleppefest i Oseana i kveld inviterte Os kommune og MOT ungdommar i ungdomsskulen og på vidaregåande skule til konsert i Oseana fredag ettermiddag.

Ein laidback gjeng ungdommar fekk med seg om lag ein times konsert med låtar frå siste album, tidlegare utgivingar og cover av Beatles-låtar.

- Det var dritbra, var nokre av kommentarane vi fekk då ungdommane forlet salen etter konserten. Det skulle ein ikkje tru dei meinte når ein såg korleis dei låg strødd på golvet i Oseanasalen.

Først i Noreg

Før konserten signerte ORBO & The Longshots ei avtale med MOT om å vera lokale MOT-ambassadørar.

Avtalen inneber at bandet i tillegg til å vera gode rollemodellar skal delta i aktivitetar retta mot ungdommen i regi av MOT. Mellomanna kan det vera at skulane får besøk frå bandet, at det blir nye konsertar eller at det blir andre aktivitetar dei blir samde om.

- Så vidt eg veit er ORBO & The Longshots det første bandet som skriv avtale med MOT, fortel Lisbeth Axelsen.

- Responsen frå dei etter konserten var klar. Dei har lyst til å gjera meir for MOT og ungdommen, strålar ei nøgd kultursjef.

Måtte stola på kvarandre

I god MOT-ånd måtte dei fem medlemma i bandet fortelje kva dei liker å gjere på fritida og kva draumar dei ber på. Om draumane blir oppfylde kjem det fleire Spelemannspriser til Osbygda i åra som kjem.

I tillegg blei fire av bandmedlemma utfordra til å delta i ein leik kor dei måtte stole på kvarandre. Med hovudet på låra til kvarandre måtte dei halde kvarandre oppe utan andre hjelpemiddel enn sin eigen kropp (sjå bilde til høgre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.