Kultur | 28. nov. 2024

Første adventsluke: Nornekoret

Nornekoret har med seg 71 år gamalt korps og ei ung kvinne som solist i kyrkja søndag.

Første adventsluke: Nornekoret
Dei 14 i koret, inkludert dirigent Laila Storvik (i midten i gult). Foto: privat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2024 18:48

Det nærmar seg første desember, som i år òg er første søndag i advent.

Tradisjon tru er det konsert med Nornekoret denne dagen.

Nornekoret plar ha med seg andre musikantar og vokalistar, utanom eige band, som også i år er leia av Knut Vidar Garlid.

– Blant årets gjestar er Grethe Cirashrii Just-Olsen, fortel kormedlem Mona Frøystadvåg.

Grethe song blant anna under frigjerings- og veterandagen 8. mai i fjor.

Nornekoret har òg med seg Søre Neset Musikklag.

– Dei får si eiga avdeling under konserten.

Musikklaget markerte 70-årsdagen sin med konsert på Oseanaterrassen i 2023.

Frøystadvåg og resten av koret, inkludert dirigent Laila Storvik, håper at dei kan gi publikum litt pusterom i den elles travle førjulstida.

– Vi håper publikum seinkar skuldrene og lar den gode julekjensla koma sigande utan at dei treng å gjera noko som helst – bortsett frå å synga med, om dei vil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.