Sport | 30. sep. 2012

Første bortesiger

Etter 32-14 over Bjørnar tapte Os 28-26 borte for Åsane. Men borte mot Bergen HK rota damelaget ikkje vekk sigeren.

Første bortesiger
Irene, her i kamp mot Bjørnar i serieopninga, skåra 5 av Os sine første 6 mål. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. sep. 2012 10:34

I dag startar herrelaget serien med heimekamp mot Gloppen (kl 13.15), i går spelte damelaget sin tredje kamp, som gjekk på bortebane mot Bergen Håndballklubb.

Før møtet med Os hadde BHK spelt éin kamp, bortekampen mot Kjøkkelvik enda 17-17.

– Bortsett frå 1-0-skåringa deira så leia vi heile kampen. Første halvdel av andreomgang var spesielt sterk, heimelagde skåra sitt tredje mål først etter 21 minutt, fortel Erlen Lyssand.

Bergen HK - Os 21-29 (11-16)

– BHK var eit bra lag, men vi klarte heldigvis å løfta oss frå førre runde, med aggressivitet i angrep og meir solid forsvarsarbeid.

Irene Tangerås pepra BHK-buret og var saman med Vilde Brattabø beste Os-spelar i denne runden.

Os speler også neste kamp på bortebane, den går mot Fyllingen 21. oktober. Neste heimekamp er mot Årstad laurdag 27. oktober (kl 16).

SJÅ OPPSETT OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.