Første gong i Skandinavia
Berlinsk kunstnar legg si første utstilling i Skandinavia til Vedholmen.
Torsdag 19. april opnar Vedholmen galleri separatutstillinga "Two month i june" med den tyske kunstnaren Ronny Lischinski.
- Etter å ha vitja Lischinski heime i Berlin både i 2010 og 2011 erfarte vi at han er ein av dei visuelle kunsterane som utgjer den berlinske samtidskunstscenen per i dag, fortel Vibeke Harild.
- Det der difor med stor glede vi inviterar til vernissage torsdag om ei veke for å presentere kunsten hans for vårt publikum.
Kunstnaren vil sjølv vera tilstades ved opninga som blir tonesett av Marius Hjelle.
Studerte hos norsk kunstnar
Ronny Lischinski har studert 7 år på Kunstakademiet i Braunschweig i Tyskland og var i tillegg masterstudent hos den norske maleren Olav Christopher Jenssen i 2009.
Dette er hans sjuande separatutstilling på fire år. I same periode har han delteke på 13 gruppeutstillingar.
- Utstilling her på Vedholmen Galleri blir den første utstillinga han held i Skandinavia.
Sårt, nært, naivt og draumande
Harild fortel at Lischinski sine maleri varierar frå det nesten dekorative til det fargerike.
-Til tider med landskap som visast i eit begynnande eller et svinnande apokalyptisk lys, forklarar Harild.
Lischinski sin kunst er ekspressiv og undersøkande.
- Det sårbare og nære, det naive og draumande blir formidla med eit visuelt kunsterisk talent av dei få, avsluttar galleristen.