Sport | 11. juli 2011

Første i Tøsdalsvatnet?

11-åring fanga gjedde på 2,5 kg i Tøsdalsvatnet måndag. Den første i sitt slag?

Første i Tøsdalsvatnet?
Andris Hamremandag 11. juli 2011 14:30

Gabriel Walden Michelsen (11) er næraste nabo til Tøsdalsvatnet og ein ivrig brukar av vatnet både til fiske og segling. Måndag var han igjen utpå vatnet saman med naboen, Ove Fagertun, då han fekk eit beist på kroken.

- Plutseleg hogg det til og ei gjedde på 2,5 kg satt på kroken, fortel far Bjørn Michelsen.

Dei hadde ikkje mykje lyst til å ta gjedda ombord i båten fortel faren.

- Han glefsa godt etter dei, så dei var litt skeptiske, men fekk han med seg til land.

- Då vi gjorde den opp etterpå viste det seg at den var utan mat i magen, så den var nok godt sulten, trur Michelsen.

Kommet nedover?

Det er kjent at det er gjedde i vatna lengre opp i Osvassdraget, men er det teken i Tøsdalsvatnet før?

- Naboen, som er ein ivrig fiskar, kunne ikkje hugse at det har blitt tatt gjedde i dette vatnet tidlegare, fortel Michelsen som er nysgjerrig på å høyre om andre veit noko anna.

Dorgar med seglebåt

Unge Garbriel er ein ivrig brukar av vatnet rett nedom heimen på Tøsdal.

- I tillegg til å fiske med stang og anna utstyr bruker han å segle eindel på vatnet.

- Når han er ute i seglebåten sleng han gjerne ut eit snøre og dorgar medan han seglar. Stadig vekk kjem han heim med fine ørretar på omlag halvkiloen, avsluttar ein nøgd far.

Veit du om det er teken gjedde i Tøsdalsvatnet tidlegare send ein e-post til andris@midtsiden.no med di historie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.