Første kamp på Kuventræ på fem månadar

Damelaget spelte treningskamp mot gutar 15.

Aksel L. Fredriksen gratulerer Oliver Hope Rasmussen med si andre av tre skåringar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. aug. 2020 10:48

Bildeserie:

Det hadde keeper Ole Andreas òg. Han sleppte inn eitt for damene, men ingen for gutane. (Foto: KVB)
Damelaget stilte ungt. (Foto: KVB)
G15 hadde supplert med to frå G16. (Foto: KVB)
Kampen starta jamt. (Foto: KVB)
Denne blei slått ut til corner. (Foto: KVB)
Oliver auka til 2-0, 3-0 og seinare 5-0. (Foto: KVB)
Sebastian Plätzer hadde fleire gode forsøk. (Foto: KVB)
Fløysand vs Mjånes. (Foto: KVB)
Mjånes chippa inn 4-0. (Foto: KVB)
– Som venta, seier Sandal og Kvåle om motstanden. (Foto: KVB)
Damene våga meir etter pause. (Foto: KVB)
... men også guteforsvaret hadde grei kontroll. (Foto: KVB)
Det hadde keeper Ole Andreas òg. Han sleppte inn eitt for damene, men ingen for gutane. (Foto: KVB)
Damelaget stilte ungt. (Foto: KVB)
1 av 12
Damelaget stilte ungt. (Foto: KVB)
G15 hadde supplert med to frå G16. (Foto: KVB)
Kampen starta jamt. (Foto: KVB)
Denne blei slått ut til corner. (Foto: KVB)
Oliver auka til 2-0, 3-0 og seinare 5-0. (Foto: KVB)
Sebastian Plätzer hadde fleire gode forsøk. (Foto: KVB)
Fløysand vs Mjånes. (Foto: KVB)
Mjånes chippa inn 4-0. (Foto: KVB)
– Som venta, seier Sandal og Kvåle om motstanden. (Foto: KVB)
Damene våga meir etter pause. (Foto: KVB)
... men også guteforsvaret hadde grei kontroll. (Foto: KVB)
Det hadde keeper Ole Andreas òg. Han sleppte inn eitt for damene, men ingen for gutane. (Foto: KVB)

Dommar var leigd inn, og laga køyrde innmarsj frå garderobane då Os sitt damelag i går spelte treningskamp mot Os gutar 15 sitt førstelag.

Kiosken var stengt og publikum på tribunen sat spreidd. Dette var første treningskamp på seniornivå sidan A-laget til Os spelte 3-3 mot Varegg i det som truleg var blant dei siste treningskampane i Noreg, onsdag 11. mars, dagen før landet stengte ned.

– Vi er nok fleire lag som har lengta etter dette, å ta på seg drakta og spela to fulle omgangar igjen, seier Ørjan Sandal.

Han trener damelaget saman med Stian Kvåle. Dei hadde gitt fri til alle spelarane frå 20 år og opp, som grunna smittevern verken har lov å trena med kontakt eller spela kamp. Dei eldste i troppen er fødd i 2001 (19 år).

Den yngste damekeeperen er skadd, den andre er passert 20, så damelaget måtte låna keeper frå gutelaget.

– Har damelaget halde på stallen sin gjennom koronapausen og perioden etter?

– Ja. Vi har framleis plan om å stilla med to damelag i serien til hausten.

Endre Brenne, som leiar Os G15-1 vedsidan av A-laget, hadde supplert med to frå G16 og to frå andrelaget til G15 for å klara å mønstra 12 gutar på tampen av ferien.

Fekk motstand som venta

Det unge damelaget er ikkje kven som helst, i praksis var det Noregs beste 17-åringar mot 15-åringar frå lokal 1. divisjon.

– Dette skal likevel vera hard motstand. Det er 15 år gamle gutar toppserielaga møter når dei skal ha treningskamp, så vi hadde venta å få køyrd oss. Gutane er sterke og raske i denne alderen, og vi veit at laget til Endre er godt skulerte og trener mykje.

Gutane var litt varsame i duellane i starten, men då dei oppdaga at ingenting var gratis mot dei eldre jentene, trappa også gutane opp litt.

Gutelaget leia 1-0 til pause og vann 5-0.
Målskårarar: Jonas Jordal, Mathias K. Mjånes og Oliver Hope Rasmussen 3.

Jonas Jordal sette inn 1-0. (Foto: KVB)

Ba jentene våga meir

– Vi hadde rekna med at dei var raskare enn oss, men dei spelte betre saman enn eg hadde venta, seier Lenea Fløysand etter kamp.

Sandal meiner kampen blei om lag som venta, og er nøgd med det defensive spelet jentene fekk øva på.

– Vi var litt for varsame før pause, eg ba dei våga meir då dei hadde ball, og det såg vi litt av i andre omgang.

Agathe C. Lekven fekk seg nokre raid etter pause, men skota blei redda. (Foto: KVB)

Brenne er nøgd med mykje av det gutelaget fekk til.

– Før kamp ba eg dei berre nyta det å få spela igjen. Vi har jo spelt ein del på trening i det siste, men det er noko eige med 11 mot 11 og innleigd dommar. I pausen ba eg dei flytta ballen litt fortare, totalt var det ei fin gjennomkøyring for begge lag.

Bildeserien under er synleg for abonnentar:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.