Sport | 08. des. 2015

Første lag til Bring-serien på tre år

Korleis psyker du opp 16-åringar som må vinna med 6 mål?

Første lag til Bring-serien på tre år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 08. des. 2015 19:55

(Os J16, på bildet f.v.: Oda Andersen, Christine Moberg, Anne-Grethe Karstad, Liv Pauline Lunde, Thiet Dang, Mia Torp Nielsen, Bente Mjanger, Regine Sten, Malin Mikalsen, Stina Sørstrønen, Irmelin Sandven og Jenny Sælen. Del av laget, men ikkje på bildet: Malene Tysnes, Irmelin Lund og Vilde Engelsen)

For første gong i historia var både Nore Neset og Os i haust gode nok for kvalifiseringsrundane til Bring-serien.

Mens Nore Neset sitt J16-lag mangla fire nettkjenningar på å kvalifisera seg klarte Os det med knappast mogleg margin.

– Vi har ikkje gjort det så bra i serien og låg på 4. plass då kvalik til Bring-serien skulle gjennomførast. Dermed møtte vi 3.plassen frå eiga avdeling og 1. og 2. plass frå naboavdelinga, fortel trenar Gitte Torp.

I kvalifiseringa starta det heller ikkje så bra.

– Begge dei to første kampane låg vi under med 10 mål til pause. Andre omgang blei jamn, men vi tapte med dei same ti måla.

Måtte vinna med 12. Eller var det 6?

Før siste kamp var det framleis håp, men Os måtte slå Førde med seks mål.

– Det er overkomeleg, men vi tapte med 7 mål for Førde i serien i haust, så det var naturlegvis ei tung oppgåve.

Likevel tok jentene «lett» på oppgåva. Kvifor?

– He, he! Vi trudde først at vi måtte vinna med 12 mål, og både eg og spelarane blei litt deppa. Då vi fekk høyra at vi «berre» måtte vinna med seks mål så blei det ein opptur i gruppa.

Jentene gjekk ut i 4-2-formasjon i forsvar, for å ta ut Førde sine to gode backar.

– Vi er ikkje vane med 4-2-formasjon, men i denne kampen gjorde jentene som dei skulle. Dei var på frå start og dei heldt avtalane vi lagde på førehand.

Første på tre år

Os vann med seks mål og er kvalifisert for den gjeve riksdekkande Bring-serien.

Laget består i hovudsak av jenter fødd i 1999, men har med eit par 2000-jenter. Dette er første Os-lag som har kvalifisert seg til Bring-serien sidan '96-årgangen for tre år sidan.

– Det blir mykje reising på jentene så vi kjem til å ta oss ein tur på sponsorjakt no, så ikkje det blir altfor høg kostnad for kvar av dei, seier Gitte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.