Sport | 19. sep. 2017

Første poeng sidan 12. mai

Etter 11 (!) tap på rad tok Nore Neset i går poeng heime mot Varegg 2.

Første poeng sidan 12. mai
Nore Neset tok endeleg poeng. Nore Neset 2 har hatt ein endå betre start på hausten. (Arkivfoto/ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. sep. 2017 07:45

– Det ser ut som om spelarane endeleg har skjønt at vi har noko å spela for. Vi har jo hamna på nedrykksplass, seier trenar Arne Sælensminde etter gårsdagens 1-1 heime mot Varegg 2.

Nore Neset vann 3 av dei 4 første kampane i vår. Så kom 11 tap på rad.

– Vi har mange gode spelarar i stallen, men noko dårleg oppmøte på trening, og forskjellen i fysisk form har av og til vist seg utover i kampane. Der vi har fleire travle familiefedre har andre lag fleire, kondisjonssterke juniorar.

– Etter sommaren har det kome seg, trenden har vore god, men vi har gjerne ikkje fått full utteljing eller stått løpet ut. Men i går var det betre, det var full tenning frå start til slutt.

Nore Neset - Varegg 2 1-1 (0-1)
Målskårar, Nore Neset: Tor Erik Aasen
Kampdetaljar på fotball.no

Gjestane gjekk opp i leiinga i går, men Nore Neset nekta å gå på sitt 12. tap på rad.

– Tor Erik klinte til på volley og skaut ballen rett i krysset frå 15-16 meter. Det var ei flott skåring, fortel trenaren.

Nore Neset ligg nest nedst på tabellen og har 6 poeng opp til Bønes på 10. plass.

– Vi må nok vinna halvparten av kampane vi har igjen, og nokre av dei er mot ganske tøff motstand. Men no ser det ut som om tenninga er der, og med brot i tapsrekka kan den tunge perioden vera over.

Terminliste og tabell

God start på hausten av Nore Neset 2

Nore Neset 2 gjer det betre i 7. divisjon.

Dei starta hausten med 12-1-siger og på dei siste 6 kampane har det blitt 3 sigrar, 2 uavgjorte og eitt tap. Laget ligg no på 6. plass av 9 lag.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.