Første skuledag
I dag var det skulestart i Os, og på Søfteland skule stilte 17 førsteklassingar klare for å læra.


Overgangen frå barnehage til skule blir gjort mjukare og mjukare for 6-åringane, men sjølv om dei har vore på besøk på skulen før sommaren, var det mykje som var nytt for dei 10 jentene og 7 gutane som hadde første skikkelege skuledag på Søfteland i dag.
- Det var omtrent som eg hugsar at det var, men eg la ikkje merke til at vi har både PC og vask i klasserommet, seier Gaute.
- Synes de skulen liknar på barnehagen?
- NEI! svara Martin. Men han kjenner dei fleste klassekameratane frå før, fordi dei gjekk i barnehage saman.
- Isak, Gaute, Markus ... han ramsa opp alle gutane og nokre jenter.
Tema: Høflegheit
Rektor ved 1. til 10.-skulen, Kåre Lutro, fortel at elevane skal ha høflegheit som tema dette skuleåret.
- Vi skal ha fokus på korleis vi snakkar til og med kvarandre.
- I tillegg skal vi ha ein konkurranse mellom alle klassane, om kven som har det mest ryddig i klasserommet, og i den delen av uteområdet som klassen har ansvar for, fortel Lutro.
Dans og komikk for dei eldste
Medan dei nye førsteklassingane hadde eige program var resten av elevane samla i gymsalen tidleg på dagen.
- Her hadde vi ein flott start på det nye skuleåret, med korsong, standup og dans.
- Eg blir ikkje overraska om 7. klassingen Sander Hatleli Aasen overtar komikar-trona etter Dagfinn Lyngbø, og Marita Sperrevik imponerte stort med dans. Ungane sat som nokre lys og såg på, seier ein imponert rektor.
Bibliotek-samarbeid med HiB
Nytt ved Søfteland skule i år er eit samarbeid med Høgskulen i Bergen. Elevar frå skulen skal vera med på eit prosjekt som handlar om korleis å bruka biblioteket betre i undervisinga.
- Søfteland er ein "øvingsskule", og derfor blei vi invitert av HiB til å delta på prosjektet. I prosjektet får vi får nokre midlar til nytt materiell og ein ekstra bibliotekar - saman med fokus og kompetanse som kan gjera det enklare å bruka biblioteket på ein betre måte.
Ønskjer seg meir plass
Skulen har rundt 290 elevar, nokre færre enn i fjor, men skulle gjerne hatt nokre fleire rom.
- Vi treng fleire klasserom. Hadde vi fått utvida med ein del fleire rom kunne ein av mine draumar for skulen gått i oppfylling; eit nytt, stort bibliotek, seier Kåre Lutro.
Ommøblert uteareal
I sommar blei rektoren ved skulen kontakta frå Os kommune, med orientering om eit barnehageprosjekt på ei tomt skulen brukar som uteareal.
For å møta kravet om full barnehagedekning innan 1. september skal Hjellemarka barnehage bygga ein midlertidig barnehage mellom skulen og SFO.
- Ein skate-rampe og ei fin løype for cross-sykkel blei ofra. I kompensasjon som aktivitetstilbod for dei eldste elevane har vi fått ein ny basketballbane, men ny rampe skal også på plass, seier Lutro.