Lokal | 10. sep. 2015

Første spadetak i OHARA-prosjektet

Det største byggeprosjektet i Os kommune si historie er så vidt i gang.

Første spadetak i OHARA-prosjektet
Nils Johan Bontveit frå Vestafjell saman med Jørgen Hindenes og Trond Aasgard frå Brønn og Spesialboring. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. sep. 2015 09:42

Bildeserie:

Denne riggen skal bora det første stykket inn i fjellet. (Foto: KVB)
Denne riggen skal bora det første stykket inn i fjellet. (Foto: KVB)
Innslaget blir bak anleggshuset. (Foto: KVB)
Innslaget blir bak anleggshuset. (Foto: KVB)
Steinmasser skal brukast til å fylla i Greidalen ved Tellevika. (Foto: KVB)
Steinmasser skal brukast til å fylla i Greidalen ved Tellevika. (Foto: KVB)
Her kjem ny veg og nytt bustadfelt. (Cowi)
Her kjem ny veg og nytt bustadfelt. (Cowi)
Det siste året har det vore mykje hogst i Greidalen. (Foto: KVB)
Det siste året har det vore mykje hogst i Greidalen. (Foto: KVB)
OHARA får to tunellar og ein stor fjellhall. (Kart: Cowi/Os kommune)
OHARA får to tunellar og ein stor fjellhall. (Kart: Cowi/Os kommune)
1 av 6

Os kommune bygger nytt hovudreinseanlegg for avlaup, eit prosjekt til nærmare 300 millionar kroner som blant anna omfattar to tunellar og ein stor fjellhall under krysset ved Os brannstasjon.

Veidekke Entreprenør AS har den største kontrakten (116 mill) og skal blant anna driva tunellane.

Onsdag 9. september tok underleverandør Vestafjell AS det første spadetak, i denne omgang for BKK.

Høgspent og kortreiste massar

– Tunellane skal i stor grad drivast med elektrisk boring, så grev fram innslag til boring av tre hol for høgspent frå Kuhnle og ned i Tellevika, fortel Vestafjell-direktør Morten Hansen.

Maskinførar Nils Johan Bontveit frå Vestafjell fortel at han byrja på jobben onsdag ettermiddag. I dag var Trond Aasgard og Jørgen Hindenes frå AS Brønn og Spesialboring på synfaring før boring av hola til høgspenten.

– Når drivinga av tunellane er i gang skal vi jobba for Veidekke med handtering av massar.Det er eit ganske stort oppdrag for oss og vi kjem til å ha folk i sving i området frå no og til det er ferdig tidleg i 2017.

– Det er eit miljømessig godt prosjekt med bruk av både stein og matjord i naboterrenget, så tungtransporten blir over svært korte distansar, fortel Hansen.

Ny veg og nytt bustadfelt

Ved og rundt Tellevika har det vore omfattande hogst det siste året. Men tunellen frå vika og opp til den komande fjellhallen skal gå bak det vesle reinseanlegget som ligg ved vika frå før.

Les òg: Vil fylla ut Greidalen

Det det er hogge skal det fyllast med steinmasser. Her kjem både ein ny veg ned til Tellevika og eit nytt bustadfelt som Os kommune ved Os Bygg og Eigedom skal utvikla.

Eitt av to store i haust

Ordførar Terje Søviknes gler seg over at OHARA-prosjektet no er i gang.

– Dette er vår første fjellhall i Os og vårt største byggeprosjekt nokosinne. OHARA er også eit av to store prosjekt som vi startar med i haust, vi skal også snart i gang med utviding av Luranetunet, eit prosjekt til rundt 250 millionar kroner.

I tillegg kjem Stat- og bompengefinansierte E39 Svegatjørn - Rådal, som Veidekke har byggestart på frå Os 1. oktober.

– Det tok si tid med saksprosessen også med OHARA, men eg trur dei fleste er nøgde med den lokaliseringa vi gjekk for, med fjellhall og utlufting i fjellsida. Sjølv om ekspertar forsikra oss om at det ikkje vil koma lukt frå utluftinga ville det nokskapt uvisse og kanskje vore fare for at enkelte hadde opplevd ubehag med utlufting ved bustadfeltet på Kuhnle, seier Søviknes.

Arne Sandseter frå Veidekke vil førebels ikkje seia noko om vidare framdrift i OHARA-prosjektet, då dialogen om dette med oppdragsgjevar Os kommune ikkje er heilt ferdig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.