Sport | 17. juni 2015

Førsteplass til Karoline!

Reservebilen fuska litt, men Karoline Breivik kjørte frå både ein BMW og ein Porsche i finalen. Broren Kristian gjorde det også bra i Vikedal.

Førsteplass til Karoline!
Karoline og Kristian i Vikedal (innfelt). Karoline kjørte med reservebilen, men vann. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 17. juni 2015 07:41

I helga kjørte søsknene Karoline Breivik (19) og Kristian Breivik Gjøen (15) løp i Vikedal.

Karoline, som bulka bilen sin i Trøndelag helga før, kjørte med reservebilen, ei 1,6 Peugeot.

– Bilen fuska litt om laurdagen, men gjekk fint i to siste av fem innleiande søndag, fortel Karoline.

Fekk førstespor i finalen

Laurdag kjørte Karoline inn til 3., 1. og 5. tid, søndag fekk ho to 2. tider, noko som gjorde at ho fekk førstesporet i finalen.

I finalen kjørte ho mot ein Porsche, ein BMW og ein Ford, minst to av dei med langt større motor enn 19-åringen frå Os.

– Det var veldig kjekt å vinna, seier Karoline, som komande helg kjører vestlandsmeisterskap på Eikås.

Vil du sjå bilcross og rallycross i helga?

Vestlandsmeisterskapen startar klokka 10 laurdag og 12.30 søndag.

Øvre halvdel

Broren Kristian, som fyller 16 år til hausten og som debuterte i fjor, gjorde det også ganske bra i Vikedal.

Han hadde ein heatsiger, to 2. plassar, ein 3. plass og to 5. plassar.

– Totalt landa han på 15. plass av 32 deltakarar, fortel Karoline.

NM-runde avblåst etter uhell

I NM-rundeni mai blei det bronse på Karoline. I NM-runden i Trøndelag 6. og 7. juni var det ikkje berre Karoline som var uheldig.

Ein annan bil kjørte utfor og fekk kraftig rulling.

– Det var voldsomt å sjå på, bilen rulla sikkert åtte gongar, seier bestefar og mekaniker for Karoline og Kristian, tidlegare rallycrosskjørar Håvard Gåssand.

Men det var ikkje denne ulykka som hindra NM i å halda fram. Ein mann med tilknyting til han som var uheldig, som sprang ut på banen for å hjelpa til, seigna om og blei frakta vekk med ambulanse.

Løpet blei stoppa. Les omtale av saka i adressa.no.

Det blei seinare stadfesta at mannen omkom.

Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.