Ole Martin (midten) saman med lagkameratane Sivert Mannsverk (Sogndal) og Sturla Ottesen (Kjelsås) på veg heim frå EM-kvalik i Tsjekkia i dag. (Privat foto)

Er vidare etter EM-kvalik i Tsjekkia

Førsteplassen glapp på overtid: Ole Martin og resten av G18-landslaget reiser heim som puljetoar.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Før helga vann Noreg 1-0 over Aserbajdsjan, laurdag snudde dei 0-1 til 8-1 over San Marino og i går leia dei 1-0 over Tsjekkia fram til 91. minutt.

Åsane-spelar Ole Martin «Olis» Lekven Kolskogen spelte frå start og heile kampen mot Aserbajdsjan, der han òg fekk vimpel som Noregs beste spelar.

Mot San Marino spelte han dei siste 20 minutta, mot Tsjekkia var han med frå start og fram til han ble tatt ut på båre i 82. minutt.

– Det var ikkje så alvorleg, berre ein krampe i hamstringen, trur eg. Eg ville hinka ut sjølv, men så kom dei og henta meg, fortel Ole Martin til Midtsiden frå flyplassen i Tsjekkia.

Kan få tøft mellomspel

52 nasjonar deltok i EM-kvalifiseringa. Desse var delte i 13 grupper, kvar gruppe med 4 lag.

Dei to beste i kvar gruppe, i tillegg til den beste tredjeplassen, kvalifiserer seg til mellomspel i eliterunden i mars. Der blir det sju grupper, der den beste i kvar gruppe kvalifiserer seg til EM i Nord-Irland i 2020.

Med poengdeling i går hamna Noreg på 2. plass, Tsjekkia hadde betre målforskjell.

– Det var synd at sigeren glapp, no hamnar vi nok i gruppe med to førsteplassar, så vegen til EM-sluttspel i Nord-Irland 2020 blir hakket tøffare enn om vi hadde vunne i går.

Allereie i midten av november skal Noreg smaka på tøffare motstand. Då går turen til prøve-EM i Nord-Irland. Noreg møter Portugal, Tyskland og vertsnasjonen i desse treningskampane. Der kan Ole Martin få bryna seg på spelarar frå internasjonale toppklubbar, slik han gjorde mot England G17 i fjor.

– Eg synest vi blir betre og betre for kvar samling, og er nøgd med både prestasjonane våre og opphaldet i Tsjekkia, seier Kolskogen.

• Les òg: NFF sine saker om G18-landslaget (fotball.no)

Kjempar om opprykk med Åsane

Landslaget kjem heim i dag, i morgon skal Kolskogen på trening med Åsane igjen.

– Eg er spent på korleis foten fungerer, men eg reknar med eg blir speleklar til helga.

Åsane ligg på 2. plass på tabellen i PostNord-ligaen (2. divisjon) avdeling 2, eitt poeng bak serieleiar Grorud etter 24 av 26 serierundar.

• Les òg: Åsane kjempar om opprykk med lokale unggutter (BT i går)

Åsane møter botnlaget Mjølner (på heimebane laurdag kl 13) og Elverum (11. plass) borte i dei to siste rundane.

Grorud speler mot Alta (6. plass) og Fram (4. plass) i dei to siste.

Terminliste og tabell

Fleire saker