Forsvarte tittelen
Markus Slettebakken vann to av tre heat i Mandal, og er framleis juniornoregsmeister i vassjet.


Vanlegvis er NM, som også tel som eit noregscup, på tampen av sesongen. Men i år blei noregsmeisterskapen arrangert tidleg, etter berre eitt noregscupstemne.
Markus Slettebakken var einaste deltakar frå Os. Storebror Daniel og treningskamerat Martin Rekkum sto over, så då var det godt at Markus ikkje skuffa.
- Eg vann dei to første heata, i tøff konkurranse med Robin, som vann det siste heatet, fortel Markus.
Viktig start
Robin Nines trenar saman med Markus i Hjellestad Jet Ski Klubb, og fekk ein betre start enn noregsmeisteren i siste heat.
- Starten blei viktig i denne meisterskapen, for då fekk du velja spor. Det ytste sporet var like langt, men der var det meir uroleg sjø og vanskelegare å kjøra, forklarar Slettebakken.
Markus vann også noregscup etter siger i første stemne. Med NM-gull leiar han suverent samanlagt.
Vestlandsmeisterskap i Os?
Det var berre fem påmeldte i juniorklassen, og nokre av dei trekte seg like før start.
- Eg har inntrykk av at mange fryktar nivået i NM, dessutan er Mandal litt langt å reisa, seier pappa Tor Slettebakken.
No legg han planar om å arrangera eit vestlandsmeisterskap for juniorar, på banen i Askivk eller på Hjellestad, slik at fleire yngre utøvarar skal få bryna seg på kvarandre.