Forsvarte tittelen
Osingen Christian Grevstad (28) og resten av Team Panic forsvarte i helga NM-tittelen frå 2008. (Sjå fleire bilde og film)


Team Panic, med Christian Grevstad (28) frå Os, Daniel Fløysand frå Lindås (22) og Knut Meland Røed (28) frå Kolbotn vann i helga gull i NM i fallskjermhopping. Laget, som består av to hopparar og ein som dokumenterer stunta på film, deltar i greina "friflyging".
Friflyging er noko meir artistisk enn formasjonshopping. Deltakarane gjer flest mogleg kule ting i lufta, medan dei stuper mot bakken i ein fart på opp mot 300 km/t. Kameramannen har naturlegvis ei krevjande oppgåve, og den oppgåva er viktig, for det er filmen dommarane brukar når dei skal gje poeng.
Deltakarane trekk program med bestemte formasjonar i obligatoriske rundar, men har også frie rundar, der kreativitet og koreografi saman med sjølve utføringa blir vurdert.
I verdstoppen
Friflyging er ei yngre konkurransegrein enn formasjonshopping, men det unge landslaget har allereie klart å etablera seg blant dei beste i verda.
Det førre landslaget tok sølv i World Games i Taiwan i år og sølv i World Meet (VM) i Frankrike i fjor. Dette gjorde utøvarane kvalifisert til å vera med i Olympiatoppen, dei har også vunne H.M. Kongens Pokal (2008).
I år fekk sporten nye landslag, der Grevstad er ein av medlemmane. Laget skal med støtte fra idrettsforbundet representera Noreg i internasjonale meisterskap, der World Cup i Tsjekkia i september er neste utfordring.
Midtsiden.no har fått film med høgdepunkt frå NM. Grunna tekniske problem blir ikkje denne publisert før i kveld. I mellomtida kan du kosa deg med filmsnutten under.
Denne er filma av Daniel Fløysand.