Lokal | 08. feb. 2014
For fort i promillekontroll
Politiet: Fekk åtvaring etter å ha køyrd for fort ved promillekontroll.
Andris Hamrelaurdag 08. feb. 2014 08:56
I to-tida natt til laurdag gjennomførte politiet ein promillekontroll på Byvegen ved Amfi.
– 15 bilførarar blei kontrollert utan at nokon av dei hadde promille.
– Ein fekk rett nok ei åtvaring etter å ha hatt åpenbart for høg fart på strekninga før kontrollen, fortel vaktahavande betjent ved Os lensmannskontor.
Elles har det vore ei stille natt i Os i følgje loggen til politiet.