Kultur | 08. aug. 2011

Fortare, høgare, sterkare

Sirkus Arnardo har gjort dei olympiske orda sine og lagt til humor som eit nytt. I neste veke vitjar dei igjen Os.

Fortare, høgare, sterkare
Andris Hamremandag 08. aug. 2011 12:18

Sirkus Arnardo er inne i sin 63. sesong med nye artistar og show kor humor og wow-faktor er resepten for å glede publikumet.

- Kineserane seier at ein enkel glede knuser tusenar av sorger, frå før veit vi at ein god latter forlengar livet, seier sirkusdirektør Arild Arnardo.

- Som fagmann i glede, lykke og latter kan eg skrive under på at vi menneskje har godt av å hygge oss, anten det er på ein idrettsarena eller i eit sirkus, slår direktøren fast.

Den raude tråden

Som ein raud tråd gjennom framsyninga har Arnardo latt den franske klovnen Mathieu få boltra seg.

- Han er ein smilets meister som er meir leiken enn dei fleste, anten han er musikalsk dirigent eller sjølvutnemnd Hollywood-regissør kor han lagar sin eigen humoristiske «spagetti-western», fortel Arild Arnardo.

WOW-faktor

Arild Arnardo er oppteken av at familiebedrifta skal halde på sin heilt spesielle atmosfære.

- Der er WOW-faktoren eit absolutt must.

- I år har vi med oss dei menneskelege skulpturane i Duo Boldia som med si kraftfulle eleganse smeltast i nye posisjonar som ein knapt kunne tru var mogleg, reklamerar sirkusdirektøren.

Høgt under kuppelen lovar han grasiøs styrke og eleganse når dei to strapetz-artistane Dea & Michael Olivares utførar eit teknisk svært avansert nummer kor estetikken står i høgsete.

- Det er fleire artistar som ein kanskje kan seie lever farlig hos oss i år, fortel Arild Arnardo.

To av dei han siktar til er Mikhail og Diana i Duo Boiachin. De to artistene utfører sine bragder i ringtrapez høgt opp under sirkushimmelen.

- Dei utførar eit nummer i denne sjangeren som er meir spektakulært og risikabelt enn nokon gong tidligare.

- Det er godt å vite at dei tross alt har full kontroll, forsikrar Arnardo.

Arnardos Ark

- Passasjerane i det vi litt billedleg omtalar som «Arnardos Ark» er i år blant annet hunder, geiter, kattar og ender. Alle i skjønt fellesskap med den kjende og sertifiserte tyske dyrelæraren Edi Laforte.

- De rett og slett overbyr kvarandre i sine kunstar. Det morosamme er også å sjå kor godt dei trivst i manesjen og ivrer etter å vise seg fram, seier Arild Arnardo.

I tillegg innheld «Arnardos Ark» både hestar og elefantar slik tradisjonen har vore for sirkus Arnardo.

- Alt i alt synes eg vi har fått til ein god og variert framsyning med artistar i verdsklasse, avsluttar Arild Arnardo som saman med sine 92 turnèmedarbeidarar kjem til Hegglandsdalen 17. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.