Fortau i fritt svev
Det er nesten 30 år sidan skulen i Øyane blei flytta til Sundøy. No kjem endeleg fortauet på rett side av brua.


Brua mellom Bruarøy og Sundøy får ny gang- og sykkelsti. Årsaka er at dagens fortau går på motsett side av fortauet på Sundøy, øya der Søre Øyane skule har lagt i snart 30 år.
- Skuleungar og andre har måtta kryssa vegen på eit punkt med svært dårleg sikt. Overgangen, som ikkje er skilta, er i starten av ein sving, fortel Kenneth Garvik.
- I tillegg har det ofte vore ein dam på den eine sida, så fotgjengarane har kome gåande på skrå over vegen.
Kampsak i lang tid
Garvik var medlem av foreldreutvalet ved skulen i 5-6 år, og fortel at trafikksikring ved brua var tema på kvart møte.
- Men arbeidet med dette starta for lenge sidan. Dei som i si tid kjempa for tryggare skuleveg for ungane sine, kan no sjå at barnebarna får tryggare veg.
- Mange av foreldra til dei yngste skuleungane har kjørt ungane til skulen, for at dei skulle sleppa å kryssa vegen akkurat her, fortel han.
I år er det 30 år sidan den andre brua til Sundøy opna, Lepsøybrua. Få år seinare opna nye Søre Øyane skule (den gamle låg på Bruarøy).
Kryssing på brua
Det nye fortauet blir bygd på motsett side av brua, men skal berre gå rundt 20 meter inn på brua. Her skal det koma eit opphøgd gangfelt over til eksisterande fortau. Då er det god siktlinje i begge retningar.
Om fortauet hadde blitt bygd over heile brua ville det nemleg kome ei ny utfordring på Bruarøy.
- Arbeidet starta i haustferien, og det står ikkje så mykje igjen, seier einingsleiar Arne Håkon Rød frå Os kommune.
Teikninga av den nye løysinga var klare i 2003. Fylket tok ikkje tak i det, men med finanskrisemidlane som kom i vinter fann kommunen rom for handling.
- Ordførar Terje Søviknes presiserte at blant trafikksikringstiltak sto dette prosjektet øverst på prioriteringslista, fortel Rød.
- Vi har fått senka fartsgrensa forbi skulen frå 50 til 40 km/t, og to fartshumpar er på plass. Foreldreutvalet har fleire tiltak på ønskelista si, men med dette prosjektet i boks er i alle fall skulevegen mykje tryggare for mange av elevane, seier Kenneth Garvik.