Lokal | 10. des. 2020

Fortsatt satsing på næring

Lesarinnlegg: Det er skuffande å sjå at dagens posisjon støttar kuttforslag frå kommunedirektøren.

Fortsatt satsing på næring
Espen Aspenes, her i kommunestyremøte i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. des. 2020 14:35

I budsjettframlegget frå Frp/H reverserer vi kommunedirektørens kutt i støtta til næringsutvikling.

Kommunedirektøren legg opp til eit kutt på 800.000 kroner innafor dette området i 2021.

I lys av koronapandemien kan ikkje Frp/H akseptera kutt i støtta til Bjørnafjorden Næringsråd og Visit Bjørnafjorden. Deira rolle vært endå viktigare i åra framover. I høve reiselivet, som er ei av dei hardast råka næringane, er det også viktig å vidareføra turistkontoret på Osøyro.

I alt legg Frp/H inn igjen 650.000 kroner til næringsføremål.

Det er skuffande å sjå at dagens posisjonen støttar kommunedirektørens kuttforslag med unntak av eit mindre tilskot til Visit Bjørnafjorden på 100.000 kroner.

Posisjonen kuttar dermed støtta til næringsutvikling med 700.000 kroner i 2021.

Dette er svært underleg, særleg sett i lys av posisjonens vedtekne budsjett for inneverande år, kor det er lagt stor vekt på ein aktiv og tydeleg næringspolitikk, stimulera til næringsutvikling og samarbeid med næringslivet.

Ordet næring i ulike former er eit av dei mest brukte orda i budsjettet, heile 20 gonger, men dette ser ut til væra gløymt no eit år etter.

Frp/H vil oppmoda posisjonen til å ta i bruk fjellvettregel nr. 8, «Vend i tide, det er ingen skam å snu», og støtta vårt framlegg om å oppretthalda støtta til næringsutvikling, då unngår ein at næringsutvikling blir anna en tomme ord.

Espen Aspenes
Bjørnafjorden Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.