Forventar ny innstilling
Fylkesmannen, Frp-leiar Siv Jensen og kunnskapsminister Kristin Halvorsen er alle mottakarar av klagen Borgafjell Barnehage har til sakshandsaminga til Os kommune.


– Lista over feil i sakshandsaminga er lang. Men den har blitt endå lengre etterkvart som vi har fått betre oversikt, seier Annelie Osterdahl.
Osterdahl har plan om å bygga ny barnehage i Os, ved Hjelle langs Hegglandsdalsvegen, som skulle stått ferdig i august i år. Men selskapet fekk i plan- og bygningsutvalet i mars ikkje dispensasjon frå rekkefølgjekrav om at det først må koma fortau frå Hatvikvegen til Vallabrua.
Ein dispensasjon dei lenge trudde dei ikkje trengte, ein dispensasjon dei søkte om i november 2010 (!).
Borgafjell Barnehage meiner dei sommaren 2011 fekk beskjed av leiar i plan- og byggesaker i Os kommune, Geir Heldal, at dei kunne sjå vekk frå rekkefølgekravet, noko Heldal ikkje kjenner seg igjen i.
Les òg: – Langdryg og villeiande behandling
Kan ha regulert vekk kravet
Uavhengig av kva Heldal skal ha sagt i møte med barnehage-byggarane viser det seg no at Os kommune kan ha regulert vekk heile kravet. I 2010 kom rekkefølgekravet om fortau, men i 2011 regulerte Os kommune området med gang- og sykkelveg.
– Gang- og sykkelveg er noko heilt anna enn fortau. Viss vi skal venta på fortau så betyr det i praksis at vi aldri får bygga, for det kjem aldri eit fortau langs denne vegen.
Barnehagen sin advokat, Jarle Ringheim frå Kluge, skriv blant anna dette i sin klage:
"Ved å regulere inn gang- og sykkelvei har Os kommune gjort det umulig og ulovlig å bygge fortau, og dermed gjort det umulig å oppfylle rekkefølgekravet til BB. Etter vår oppfatning er rekkefølgekravet derfor utelukkende redusert til et formelt hinder uten realitet. Dette innebærer at Os kommune for det første i lengre tid har nektet BB igangsettingstillatelse uten å ha lovlig hjemmel for det, og for det andre at kommunen har varslet at den vil håndheve, og faktisk allerede håndhever, et rekkefølgekrav som etter at reguleringsplanen for veie ble vedtatt, er ulovlig."
I tillegg til dette nemner Ringheim både det at rekkefølgekravet gjeld bruksløyve, ikkje igangsetjingsløyve.
I møte på onsdag
Fredag 27. april var frist for å senda klage, og klage blei sendt fylkesmannen innan fristen, med kopi til både kunnskapsminister Kristin Halvorsen og Frp-leiar Siv Jensen.
– Eg vil visa dei begge korleis Os kommune blir styrt, seier Osterdahl.
Før fristen ba ho om møte med plansjef i Os kommune, Asle Andås.
– Han hadde ikkje tid før no i mai, så vi skal i møte i morgon, onsdag.
– Kva ventar du deg av møtet?
– Eg ventar at dei ser at dei har gjort feil og at dei skriv ei ny innstilling til vedtak i plan- og bygningsutvalet.
– Og eg ventar at dei rettar opp i feila rimeleg raskt.
– Erstatningskravet aukar dag for dag
Borgafjell Barnehage trudde lenge at alt var i orden, dei var ifølgje Osterdahl til og med på lista over barnehagar som var med i hovudopptaket i februar. Materialpakke er bestilt og barnehagen har fått tilsette.
– I staden må vi no kjempa denne kampen mot ein kommune som ikkje har gjort jobben sin. Vi har til no brukt fleire hundre tusen kroner på å få hjelp av advokat, dette er naturlegvis pengar vi vil krevja å få tilbake.
– Det hastar for oss å få orden på dette, men det hastar også for Os kommune, om dei ikkje vil at kravet i etterkant skal bli endå større.