Samferdsle | 15. okt. 2022

Fossa gjennom overfylt kulvert

Gjentakande problem meldte seg igjen i dag.

Fossa gjennom overfylt kulvert
Sverre (6) stussa ikkje, og fekk pappa Christian Frugård med seg gjennom vatnet under Byvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 15. okt. 2022 10:25

Laurdag formiddag var kulverten under Byvegen, mellom Varåsen og Amfisenteret fylt med vatn.

Ahmed, som bur i Prestegardsskogen og ikkje sjølv har behov for å koma seg gjennom vatnet, sto og prøvde å pirka vekk lauv mens ungen søv i vogna.

– Eg prøver å hjelpa til, men dette var ikkje enkelt, seier Ahmed.


Teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune har allereie fått nokre telefonar, og har sendt tipsar vidare til rett eining, Vegtrafikksentralen på telefon 175.

– Vi kjenner til det, og har varsla entreprenør, seier vakthavande.

I mellomtida bør bilistar ta omsyn til at ein del fotgjengarar vel å kryssa Byvegen, i staden for å gå under, mellom senteret og Varåsen.

Sjølv om både syklistar, ein rullestolbrukar og ei dame i joggesko spaserte gjennom det knappe ti centimeter djupe vatnet mens Midtsiden var på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.