Fotball døgnet rundt?
Hellevik i jobb hos Os-sponsor: Det er duka for ekstra mykje fotballsnakk i lunsjen, hos A-lagstrenar Frank Hellevik sin nye arbeidsgjevar.


Han har 10 år bak seg innan bilfinansiering, dei siste to hos Dnb Nor Finans. Men måndag denne veka starta Frank Hellevik i ny jobb, hos hovudsponsoren til hans arbeidsgjevar på kveldstid, fotballklubben Os.
- Hellevik sin søknad blei vurdert saman med dei over 30 andre søkjarane, seier Ole-Vidar Skaathun hos H-vinduet Magnor.
Ole-Vidar, som også er medeigar og styreleiar i Os Fotball AS, tok ein telefon til leiar i fotballgruppa, Leif Gunnar Borgen.
- Eg hadde nettopp fått veta at Frank var blitt ny A-lagstrenar, og ville høyra med Leif Gunnar om klubben såg situasjonen som eit problem. Det gjorde dei ikkje. Intervjuet var mitt første møte med det som no også har blitt ein seljar av H-vinduet.
Skaathun seier han har fått inntrykk av at Hellevik er ein person med mykje karisma, naturlege leiareigenskapar og gode kommunikasjonsevne.
- Eg trur eg kan bruka mykje av mine erfaringar frå den førre jobben i denne. Forholda er mindre, vi jobbar tettare, samla mot ulike kortsiktige og langsiktige mål. Eg er tatt godt imot og har eit godt inntrykk av måten Skaathun driv selskapet sitt på, seier Hellevik.
Justerte ned 20 prosent
Etter om lag eitt år som eineeigar av H-vinduet Magnor AS kan Ole-Vidar sjå tilbake på eit godt 2008. Men allereie sommaren i fjor viste prognosane at marknaden i nær framtid ikkje blei like bra.
- I august førebudde vi oss på 20 prosent nedjustering, og seks tilsette ved fabrikken på Magnor (900 meter frå svenskegrensa) mista jobben frå 1. oktober, fortel Skaathun.
- Vi fann ny jobb til alle saman, som berre hadde jobba om lag eit år hos oss, legg han til.
Stillinga til Hellevik er ei nyoppretta salsstilling mot proffmarknaden.
- Hellevik blir ei viktig brikke i sal og oppfølging av kundar. Vi har mange anbod å rekna på, og hans innsats kjem godt med. Og han er allereie i gong, ute i felten, seier Ole-Vidar.
- Og det blir mykje fotballprat i lunsjen?
- Vi har ikkje hatt tid til det enno, men det tar seg nok opp når seriestart nærmar seg, ler Frank.