Sport | 06. sep. 2010

Fotballfest i Lysefjorden

Fotballcupen i Lysefjorden, som var ny i fjor, auka med rundt 200 spelarar i år.

Fotballfest i Lysefjorden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. sep. 2010 11:18

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Lysekloster fotball har tydelegvis truffe med datoen og arrangementet for den nye cupen for unge fotballspelarar. I fjor stilte rett over 60 lag til kamp i strålande sol, i år auka det til 82 lag i like fint vêr.

- Enkelte klassar var fullteikna allereie i juni. At vi i tillegg har vore heldige med vêret betyr nok sitt for neste arrangement, seier Lasse Stoltenberg frå Lysekloster idrettslag.

Den første helga i september blir fast tidspunkt for cupen, som er for ungar mellom 6 og 12 år, i åra som kjem.

Gratis og gøy
Kvart lag spelte minst tre kampar, alle på same dag.

- Vi hadde mange lag frå Os kommune, og ganske god deltaking både frå Fusa og Austevoll. I tillegg var ein del lag frå Bergen med.

Samstudes som cupen er ei god inntektskjelde for idrettslaget er arrangørane opptatt av at ikkje alt skal kosta pengar.

- Folk kjem med heile familien og blir verande i fleire timar. Vi har derfor ein del gratistilbod både til spelarar og småsøsken.

- Spelarane var med i gratislotteri med signert Brann-trøye som premie, og både spelarar og søsken som ikkje spelte sjølv kunne rutsja eller gå i hoppeslott utan å betala, fortel Stoltenberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.