Lokal | 05. sep. 2009

Fotgjengar påkjørt

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. sep. 2009 07:05

Om rettinga: Politiet sa laurdag morgon at det var ein 20 år gamal mann som hadde blitt påkjørt, men Midtsiden.no har fått melding om at alderen er feil, guten går i 2. klass og er 7-8 år gamal.

Ved Smoget på Søfteland blei ein gut påkjørt fredag kveld. Politiet fekk melding om ulykka klokka 19.48.

- Mannen blei frakta til sjukehus med smerter i eit kne og eit kutt i bakhovudet som truleg måtte syast, seier operasjonsleiar Ole Geir Magnussen i Hordaland politidistrikt.

Politiet tok beslag i førarkortet til bilisten, ein 29 år gamal mann frå Kalandseid.

- Guten gjekk over etter at ein bil passerte, men såg ikkje at det kom ein bil andre vegen òg. Sidan han var skjult bak den første bilen blei han ikkje oppdaga før det var for seint, skriv ein Midtsiden-lesar i ein epost til redaksjonen sundag kveld.

Guten måtte sy nokre sting, men er tilbake frå sjukehus og skal ha det etter forholda bra.

Innsendar meiner det er på tide å kjempa for lågare fartsgrense gjennom delar av Søfteland. Han trur at fleire som kjører forbi er stressa og held høg fart fordi dei skal rekka ei ferje.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.