Foto-orientering på Øyro
Er du heime i påsken og lurer på kva du skal finna på med ungane? Kva med å testa foto-orientering?
Os orienteringsklubb har også i år gjort ein kjempejobb med å legga ut postar til turorientering.
– Vi bruker i år fire kart og har lagt ut 99 postar på Osøyro, Hatvik-Bjånes, Osøyro, Varåsen og Nore Neset.
– Her er mange timar og dagar med turmål for 200 kroner og konvolutten kjøper du på Stadion Sport (Amfi), Jernia Sælen (Osøyro) eller Butikk Buena (Lysefjorden), skriv orienteringsklubben på heimesida si.
Gratis foto-orientering
I tillegg til å kjøpa karta på utsalsstadene kan du også laste dei ned på turorientering.no, der finn du òg kartet og oppgåvene med foto-orienteringa på Osøyro som du kan laste ned gratis.
Foto-orientering går føre seg på den måten at du finn fram til posten ved hjelp av kartet og ei postbeskriving.
– Vi har 23 poster på Øyro i år. 22 av dei er foto-orientering og derfor finn du ingen post. Når du kjem fram til posten må du stå på rett side av postdetaljen for å kunne kjenne igjen eit av bilda på arket som følger med.
– Den siste posten er ein stolpe som kun står ute under "Os internasjonale skulptursymposium" 25. juni - 10. juli.
Posten markerer samarbeidet vi har med skulptursymposiet og Arne Mæland. Mange av postane våre er plassert ved skulpturar, og i år har vi omtale av 6 nye skulpturar i løypene våre, fortel orienteringsklubben.
Totalt er løypa på om lag 3 km og går fint å gå med barnevogn og små ungar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.