Kultur | 21. mai 2010

Fotografar stiller ut

Frå buddhistar til norske og utanlandske kjendisar skal på veggen i Galleri Oz i helga.

Fotografar stiller ut
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. mai 2010 12:53

Fotografane Erlend Haukeland og Vidar Langeland opnar laurdag utstillinga «Fra øst til vest» i Galleri Oz.

- Det var hyggeleg å bli invitert til å stilla ut, eg har ikkje vist bilda mine på denne måten før, seier Erlend Haukeland.

Haukeland viser bilde av norske kjendisar frå kultur- og idrettsliv, og bilde av den første kristne mannen i Kamerun, som då bildet blei tatt var 100 år ganmal.

Langeland, som har vore fleire turar til Austen dei siste 14 åra, viser bilde frå Nepal, India og Bhutan.

Fotogen buddhisme
På ei reise til Sri Lanka i 1986 møtte Vidar nokre nederlendarar på hans eigen alder, som hadde valt ein periode med aksetisk liv som buddhistiske munkar. Dette gjorde fotografen frå Os interessert i buddhisme, seinare spesielt tibetansk buddhisme.

- Eg blei fascinert av dei eldgamle rituala og mystikken som høyrer med religionen, og har vore på fleire turar til område der tibetanske munkar har busett seg. Munkane, klostra og praktiseringa av religionen er saman med landskapet veldig fotogent.

Bilda Langeland stiller ut er frå både den første turen og turane han har vore på dei siste fire åra.

Ei oppleving av lys og stemning
Haukeland like bilde av menneske best, og seier lyset og stemninga er avgjerande for om eit bilde blir meir enn berre eit bilde.

- Som oftast veit du i det du tar bilde at dette blir noko for seg sjølv, seier han.

- Men av og til blir du skuffa. Du kan koma heim med noko du trur er bra, men så blei det ikkje heilt slik du trudde då du såg gjennom søkjaren på kamera.

Fotografane håper dei klarar å laga ei utstilling som vil gje gjestane ei god oppleving.

- Det er ekstra kjekt om fotointeresserte kjem på opninga klokka 13. Kanskje vi kan få ein prat om fotografering, eller delt litt på tips og erfaringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.