Frå uteliv til import

Det er fem år sidan Reinhardt Østrem heldt Madammen open for siste gong. No er det spa og utandørsmøblar frå Kina som tel.

Kjetil Vasby Bruarøy
10. desember 2009 - 7:44

I august 2004 hadde utestaden Madammen, i si tid kåra til Noregs kulaste diskotek, sin siste opningsdag. Reinhardt Østrem, som ei stund også dreiv Vikjo og Ludvig (i lokalet Bar2Be er i), gav seg i utelivsbransjen. Men han hadde andre bein å stå på.

Arbeidsklede og telt
I 2001 starta Reinhardt og kameraten Jan Moberg importselskapet RJ Trading.

− Det var Jan som kom med ideen, og vi starta heilt frå skratch, seier Reinhardt. 

Før dei første turane til Vietnam og Kina la dei opp program for fabrikkbesøk, for å sjekka ut forholda og for å skaffa seg samarbeidspartnarar.

− Arbeidsklede, partytelt  og boblebadekar til utandørs bruk var dei viktigaste varene i starten, og Malthus og Mekk-kjeden var blant dei største kundane våre.

Selte etter seks år
Med tida jobba Jan og Reinhardt seg opp god kompetanse på import frå Kina, noko interiørselskapet Gatma AS frå Haugesund fatta interesse for.

− Vi selte selskapet vårt til Gatma i 2007. Jan heldt fram med import for seg sjølv, eg heldt også fram, men som tilsett for Gatma.

No jobbar Reinhardt både i Kina og Noreg, framleis med utandørs spa, men også dusjar, baderomsmøblar og utemøblar er viktige varegrupper.

− Gatma er eineleverandør til røyrleggarkjeda Comfort og har Coop Obs Bygg og Møbelringen som store kundar.

Auka kvaliteten
Østrem fortel om tett og godt forhold til samarbeidspartnarane i Kina. Fabrikkane han handlar hos ligg i Guangdong-provinsen, litt vest for Hong Kong, og i Zhejiang, som ligg nærmare Shanghai, der Reinhardt har kontoret og husvære.

− Det blir ein del reising innanlands i Kina, det er viktig å jobba tett med produksjonsleiinga ved fabrikkane. Ofte tar eg på meg kjeledress og jobbar saman med gutane på golvet, for å læra dei å laga varer gode nok for den kvalitetsbevisste norske marknaden.

Han fortel at kinesarane er veldig konkurranseorienterte, spesielt på pris, og derfor startar med å tilby det billigaste dei klarer. Det er sjeldan godt nok.

− Dei blir overraska når eg krev betre og dyrare løysingar, gjerne med delar importert frå USA eller Europa. Og så blir dei endå meir overraska når dei ser at desse påkosta varene sel. Men dei har byrja å forstå no, at marknaden vår ventar høg kvalitet, og betaler gjerne for den.

Livet i Kina
Reinhardt bur i eit strøk som kan kallast Shanghai sitt svar på New York-bydelen Manhattan, Huang Pu. Frå husværet sitt har han utsikt over elva til bydelen Pudong og verdas nest høgaste bygning, Shanghai World Financial Center, den 492 meter høge skyskraparen som sto ferdig tidlegare i år.

− Det er heilt vanvittig kor denne byen har utvikla seg på desse åtte åra sidan første gong eg var her, seier Reinhardt.

I finanshovudstaden Shanghai merkar han ikkje at han lever i ein kommunistisk ettpartistat.

− Eg føler meg like fri som heime i Noreg. Under OL var det mange tryggleikstiltak, men elles er det lett å vera utlending i Kina.

Spesialbestilling: Kald øl
Han synes Kina er eit fantastisk land å bu i, og den sosiale osingen fortel at han har om lag like stor omgangskrins i sitt andre heimland som han har i bygda han har vakse opp i.

− Eg har venar frå Australia, New Zealand, USA, Ghana og Italia, som bur i same strøk i Shanghai, ein internasjonal gjeng som samlast når vi har fri

Både internasjonal mat og kinesisk mat fell også i smak, verre kan det vera med drikke.

− Kinesarane drikk alltid lunka øl, når du kjøper øl må du presisera at den skal vera kald når du bestiller.

Meir heime
Han har sett muren og «den forbudte by», og har fått seg ein liten favorittby å feriera i.

− Quingdao, som ligg nordaust for Shanghai, 1,5 time med fly, er fin å reisa til. OL i segling gjekk i den koselege hamnebyen, som har både fjell, byliv og sandstrand å by på.

Ferie har det blitt lite tid til i år, kundemengda aukar i heimelandet, så det har berre blitt fire månadar i Kina i 2009.

− No har eg vore heime sidan slutten av august. Det er godt å vera nærmare venar og familie i Os, sjølv om mykje av tida i Noreg går med til jobbing og reising innanlands, seier Reinhardt, som har seks barnebarn.

Men jula skal han feira i Kina.

− I fjor var eg heime i jula, i år blir det feiring i Shanghai, for tredje gong, seier Reinhardt Østrem.

Les meir om

Lokal