Frå 1. til 3. plass
Fyllingsdalen knuste store delar av Lysekloster sitt opprykkshåp.
Lysekloster tapte laurdag 1-3 for Fyllingsdalen, som med full pott klatra til 2. plass på tabellen.
Lysekloster fekk éi veke på tabelltopp, og er no på 3. plass når to rundar står igjen.
– Det er nesten ingen vits å finrekna på sjansane våre for opprykk no, seier ein skuffa Rubent Hetlevik.
– Men vi skal i alle fall gjera jobben vår, så får vi sjå korleis vi ligg an etter nest siste runde.
Før dagens tredje siste runde i 3. divisjon leia Lysekloster tabellen, for første gong sida første serierunde, sånn ser toppen av tabellen ut no (med målforskjell i parantes):
1. Sotra 52 poeng (+44)
2. Fyllingsdalen 50 poeng (+30)
3. Lysekloster 49 poeng (+44)
Lysekloster speler borte mot Stord (10. plass) og heime mot Førde (13. plass) i dei to siste kampane for sesongen.
Sotra tar imot Fyllingsdalen i siste runde. Før det speler Sotra borte mot Øysese (12. plass) mens Fyllingsdalen har heimekamp mot Brodd (5. plass).
Øystese kjempar om å halda seg, og spelte nyleg uavgjort mot Lysekloster. Brodd er formsterke og vann i dag 5-0 over Øystese.
Lysekloster kan, med siger i dei to siste kampane (lander på 55 poeng), rykka opp på følgjande måtar:
• Sotra avgir poeng mot både Øystese og Fyllingsdalen samtidig som Fyllingsdalen avgir poeng mot Brodd.
• Sotra taper for Øystese og slår Fyllingsdalen. (Lysekloster kan gå vidare på målforskjell)
• Sotra slår Øystese, Fyllingsdalen avgir poeng mot Brodd, men slår Sotra.
Skuffande heimekamp
Dagens kamp starta godt for begge lag. Lysekloster opna litt friskt, og kom til innlegg. Fyllingsdalen var, med Kalve og Kampenes på topp, farlege på overgangar. Heimelaget var gode første halvtimen, og hadde to ballar i tverrligger.
Men før pause tok gjestane over, og skapte farlege situasjonar også i etablert angrep. To gode redningar av Kjetil Hansen gjorde at det sto 0-0 til pause.
– Første omgang var godkjent. Eg hadde ikkje venta noko målbonanza før pause i ein toppkamp som denne, seier Hetlevik.
Slurv og redning på strek
Hansen og Lysekloster-forsvaret var ikkje like heldige med det dei prøvde på etter pause.
Tre minutt ut i andre omgang skåra gjestane, tre minutt seinare gjekk dei opp i 0-2.
– Vi har ikkje råd til store, personlege feil som desse i ein toppkamp. Oppgåva såg nesten umogleg ut.
Men Lysekloster-spelarane gav ikkje opp. I 85. minutt sto dei tett i boks, men Vetås fekk ein fot på ballen og reduserte til 1-2. Nokre minutt før sto det 2-2 mellom Sotra og Tertnes, og eitt poeng ville vore nok til å halda seg på tabelltopp.
Men ei heading etter frispark blei redda på strek av ein utespelar på Fyllingsdalen. Gjestane kontra igjen og gjekk opp i 1-3 i 89. minutt.
Bortekampen mot Stord går laurdag. Stord kjempar om å halda seg i divisjonen, noko dei med nød og neppe klarte mot Haugesund 2 då dei i sluttsekunda redda plassen sin og sendte Os ned i 4. divisjon.