Sport | 02. mai 2009

Frå 2-0 til thrilleravslutting

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 02. mai 2009 17:02

Laurdag klokka 15 starta kampen på Knarvik. Første omgang blei bra for gjestane frå Os, med skåring i både 14. og 37. minutt. Kaptein Stian Lunde skåra begge måla.

- Vi hadde god kontroll og leia fortent til pause, fortel trenar Frank Hellevik.

2-0 blei 2-2
I andre omgang såg det ut som om Os skulle auka leiinga. Men heimelaget oppdaga at ledda i Os-laget var langt frå kvarandre, og spelte gjennom ein mann som lurte Os-keeperen med eit skot frå spiss vinkel innanfor nærmaste stolpe.

- I oppstyret etter 1-2-skåringa, tre minutt etter at dei reduserte, skjedde omtrent det same ein gong til. Med same målskårar, fortvilar Hellevik.

Os gjorde nokre byte og flytta på nokre spelarar, og så hadde dei tre nesten-skåringar. Tre ballar gjekk forbi keeper, men blei redda på strek.

- Heldigvis klarte Christer Olsen, to minutt på overtid, å gje oss dei tre poenga vi fortente i dag!

Os vann bortekampen, som burde vore avgjort tidlegare, 3-2, og har med det 6 poeng på 3 kampar.

Heimekampen mot Lynbø er framskunda frå laurdag 9. mai til torsdag 7. mai klokka 19.00. Kampen er flytta fordi Lyngbø skal spela 1. NM-runde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.