Frå årsmøtet i Os Sp
Lesarinnlegg, Siren Tømmerbakke (Sp): Om Aksdal-Bergen, Oseana, Os vgs - og landbruk.
Leiar i Hordaland Senterparti, Jostein Ljones, vitja Os Sp då vi hadde årsmøte 13. november. I sitt innlegg var han innom viktige saker for Senterpartiet, både lokalt og nasjonalt.
I traséval for ferjefri E-39, Aksdal – Bergen, er indre trasé gjennom Fusa,den beste løysinga. Vegen vidare nordover har ikkje fylkeslaget tatt stilling til. Lokallaget i Os har i sin uttale frå årsmøtet gjeve klart utrykk for at vi ynskjer å få ei utgreiing av ein alternativ trasé frå Fusa mot Arna, slik kan ein leia trafikken utanom Bergen sentrum og redusera forureininga i Rådalen og på Danmarksplass.
Vi går mot nytt år og stortingsval. Ljones trur mange er trøytte av den sitjande regjering og difor er freista til å prøva noko nytt. Utfordringa for oss blir då å få fram kva vi har fått til i det raud-grøne regjeringsamarbeidet. På samferdsle er alle planlagde prosjekt gjennomført. Kommunane har fått vekst i økonomien. I offentleg sektor er det oppretta 75 000 nye arbeidsplassar, ikkje i byråkrati men direkte i tenesteproduksjon.
For landbruket var det avgjerande at Sp fekk gjennomslag i saka om ostetollen. Utan dette vedtaket ville vi fått ein reduksjon i den norske mjølkeproduksjonen tilsvarande produsert mjølkemengde for heile Sogn og Fjordane.
Komande val blir avgjerande for det norske landbruket.
Høgre vil kutta 7 milliardar i overføringar til landbruket. Fremskrittspartiet vil kutta all støtte, til saman 14 milliardar.
Krf, som har tatt til ordet for eit styrking av landbruket, har klart valt seg feil vener.
Dersom forbrukarane skal få høve til å velje kva mat dei ynskjer må vi halde oppe den norske produksjonen. Å tru at importert mat er eit billegare alternativ på sikt er ein illusjon. Det er den norske kjøpekrafta som avgjer prisnivået. Spørsmålet blir difor kven vi ynskjer skal sitja att med fortenesta i matvarehandelen.
Oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja er ei sak det har vore ulike syn på i partiet.
Ljones er tydeleg på at oljelandet Noreg ikkje har bruk for meir olje no. Han er difor trygg på at partiet i det nye programmet for 2013 – 2017 kjem til å gå imot opning for boring i desse områda. Eit standpunkt også Senterungdommen har tatt.
Frammøtte på årsmøtet ynskjer å gje signal oppover i partiet om eit statleg engasjement for finansieringa av Oseana. Det vart også vedtatt ei utale om vidareføring av landslinene for anlegg- og transportfag på Os vidaregåande skule. For å få ei god utvikling i sektor for samferdsle i vår region, må vi ha eit godt udanningstilbod for desse yrkesgruppene.
Senterpartiet i Os har lang tradisjon for utdeling av ein lokal heiderspris. Den har gått til personar som har utmerka seg med ein ekstra innsats for fellesskapet.
I år gjekk prisen til to av våre eigne, Odd og Elisabeth Hjertholm.
Dei har i alle år gjort ein stor innsats for partiet framfor kvart stortingsval og kommune/fylkesval .Dei har tatt på seg eit tidkrevjande dugnadsarbeid for å organisere valkamp og få ut valkampmateriell.
Ingrid Netland vart samrøystes attvald som leiar for to nye år.
Bård Moberg tok attval som nestleiar. Ingrid Opheim går inn som nytt styremedlem. I tillegg sit Jan Gaassand og Siren Tømmerbakke i styret.
Til slutt vil vi i styret for Os Senterparti ynskje alle ei god jul og eit godt nytt år!
Siren Tømmerbakke