Sindre Flaa (t.v.) og Hans-Christian Nysæther. (Foto: Lysekloster IL, Dagfinn Breivik)

Frå Åsane til Lysekloster

Simen Birkelund, Steffen Finsådal og Preben Borgen er blant spelarane Lysekloster har mista etter sesongen. No har dei henta inn to nye.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster har signert to midtbanespelarar med fartstid i årets 2. divisjon.

• Hans-Christian Nysæther hadde to innhopp på A-laget til Fana i vår før han gjekk til Smørås, der han spelte 20 kampar i 3. divisjon i år.

• Sindre Hitland Flaa spelte 13 kampar for Åsane i 2. divisjon i år, og skal ifølgje Ørjan Sandal ha vore ønska med vidare i 1. divisjon neste år.

– Satsinga i 1. divisjon passa ikkje Sindre, som via ein annan spelar på Lysekloster tok kontakt og viste interesse for å spela her, seier Lysekloster-trenaren.

Nysæther er eit talent som Lysekloster har hatt i kikkerten denne sesongen, og som dei sjølv kontakta.

Utskifting på midtbanen

Frå før har Lysekloster henta toppskåraren i 3. divisjon, Alexander Dang (Vadmyra), og dei to Træff-spelarane (2. divisjon) Ola Sjømælingen i forsvar og Tobias Rødseth som kantspelar neste sesong.

– Vi ha mista nokre spelarar etter sesongen og trengte meir styrke på midtbanen, fortel Sandal.

Årets toppskårar for Lysekloster, Preben Borgen, legg opp eller går til Søfteland i 6. divisjon. Dei to andre tidlegare Os-spelarane, Ramo Racic og Tore Valvik, trappar også nedover i divisjonssystemet.

Steffen Finsådal, Simen Birkelund og Oscar Lopez Borgersen sluttar også på Lysekloster, i tillegg har Erik Musland øydelagt korsbandet igjen og Stefan Mauricio Bernsen skal inn til førstegangsteneste.

– Men med desse fem sterke nye spelarane er vi i mål. Det kan koma ein og annan til, men i utgangspunktet har vi dei vi treng no, seier Sandal.

 

Fleire saker