Næringsliv | 02. feb. 2010

Frå båt til bil

Tidlegare salssjef hos Askvik Maritim, Bjørn Askvik, har gått «frå vann til land».

Frå båt til bil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. feb. 2010 14:32

Askvik var salssjef i Noregs største Askeladden-forhandlar, og heldt fram i båtbransjen i anna firma då Askvik Maritim blei selt. Men no er den erfarne båtseljaren i ny bransje.

- Det var ikkje lett å gå frå båtbransjen, men det er ein tanke som har modna den siste tida, og eg trur ikkje forskjellen skal bli så stor, seier Bjørn Askvik.

Måndag hadde han sin første dag som bilseljar hos Frydenbø på Minde.

- Har kome lengre
Inntrykket Askvik har av bilbransjen er at dei har kome lengre enn båtbransjen, drifta er meir straumlinjeforma.

- Det har nok også med det å gjera at bransjen og bedrifta er større, berre her på Minde har eg 43 kollegaer.

Dagleg leia ved Frydenbø Bilsenter AS, Kenneth Tveit, er glad for å ha fått den tidlegare båtseljaren i stallen.

- Dei som har båt har som oftast også bil, og eg trur Bjørn med sitt nettverk kan bli ein god mann å ha, særleg når vi vil satsa meir i områda sør for Bergen sentrum, seier Tveit.

Ser fram til fritid i båt
Volvo er viktegaste merke hos Frydenbø, men brukte bilar og etter kvart også importerte bilar blir blant varene Askvik skal selja. Frydenbø har også selskap som driv med båt, men Askvik trur ikkje han hamnar tilbake i båtbransjen med det første.

- No handlar det om bil, men interessa for båt er minst like stor som før. No ser eg fram til å nyta båtlivet på fritida, ikkje alltid vera på jobb når eg er på sjøen, seier Bjørn Askvik.

Båtbransjen er på veg opp igjen etter nedturen i finanskrisa, men det er også bilbransjen. Ifølgje DN.no var bilsalet i januar 2010 over 80 prosent høgare enn januar 2009.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.