Lokal | 18. juni 2019

To frå Bergen dømt for lovbrot i Os

Begge hadde fleire saker på seg, blant anna vald og tjuveri av fleire bilar.

To frå Bergen dømt for lovbrot i Os
Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 18. juni 2019 08:08

Ein mann i 20-åra frå Nesttun er dømt til fengsel for tre tilfelle av køyring rusa på cannabis, eitt av dei på Byvegen i Os i januar 2018, og for oppbevaring av over 70 rivotril og over 5 gram amfetamin.

Han er òg dømt for tjuveri av bil i Berge, for køyring utan gyldig førarkort og for bruk av narkotika.

Straffa blei sett til 100 dagar fengsel utan vilkår, 120 timar samfunnsstraff og 10.000 kroner i bot.

Stal frå verkstad i Os

Ein mann i slutten av 20-åra frå Bergen er dømt for ei rekkje biltjuveri i tillegg til tjuveri i Os.

Ein søndagskveld i februar 2018 tok han seg inn i lokala til ein bilverkstad i Os og stal ein bærbar pc og ein mobiltelefon.

Han var i tillegg sikta for oppbevaring av 279 rivotriltablettar i 2017, vald i Bergen i november same år og for tjuveri av 6 bilar i løpet av 2017 og 2018. Då han stal bilane køyrde han i rusa tilstand utan førarkort.

Mannen var òg sikta for å gå med kniv og for å ha slått ein vekter på Lagunen.

Sikta blei dømt til fengsel i 1 år og 30 dagar, men 1 år av straffa er utsett på vilkår om gjennomføring av narkotikaprogram. Han er òg dømt til å betala 5000 kroner i bot og 3586 + 4000 kroner i erstatning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.