Sport | 09. aug. 2018

Frå Brattvåg til Lysekloster

Ny spiss: Willy Zamble kjem til Lysefjorden i dag. Laurdag er det toppkamp på heimebane.

Frå Brattvåg til Lysekloster
Willy Zamble går frå Brattvåg til Lysekloster. (Foto: Brattvåg il)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. aug. 2018 08:05

Lysekloster har hatt ein prikkfri start på hausten, med 6-2 heime over Stord og 2-0-siger borte over Førde.

No styrkar dei stallen med Willy Zamble frå Brattvåg.

– Han vendte seg til oss, og det passa oss bra, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

• Les òg: Mister to, signerer 3-6 nye spelarar

Lysekloster mister likevel ikkje Vladan Radojkic, som har skåra 11 mål til no denne sesongen, men Martin Pedersen, som har skåra 8 mål til no (2 av dei i sin siste for Lysekloster), er reist frå klubben (skal til USA).

Det same er Stian Dyngeland, som er i Larvik for å fullføra politiutdanninga.

Var målmaskin i lågare divisjonar

Zamble har vakse opp i Strømmen og skåra 20 mål på 24 kampar for Skedsmo i 2012, 18 på 21 kampar for Holmlia i 2014 og heile 24 på 16 kampar for Hauerseter i 2015.

– Han blei omtalt som ei målmaskin då han gjekk til Moss i 2015, seier Kollen.

For Brattvåg blei det 6 mål på 34 kampar. Zamble blei byta inn då Brattvåg, som rykte opp i fjor, slo Lysekloster 1-0 heime.

I Lysefjorden, då Brattvåg vann 4-1, spelte han ikkje. På Kuventræ, då Brattvåg sendte Os ned i 4. divisjon (og seg sjølv opp i 2. divisjon), var Zamble ubrukt reserve.

Lysekloster sin neste runde er toppkamp (2. plass mot 3. plass) heime mot Viking 2 laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.