Næringsliv | 01. juli 2016

Frå leppefisk til lastebil

Fekk forhandlarstatus for Pro-Flex: Aqua Circle AS startar «hydraulikk-butikk».

Frå leppefisk til lastebil
Per Arild Larsen, dagleg leiar Tor Espen Skoglund og gründar Jonny Møgster i den nye hydraulikk-avdelinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. juli 2016 13:23

Bildeserie:

Møgster takka ikkje berre ja til oppdretts-sortimentet (t.h.), men heile sortimentet. (Foto: KVB)
Møgster takka ikkje berre ja til oppdretts-sortimentet (t.h.), men heile sortimentet. (Foto: KVB)
Aqua Circke er kunde frå før og har brukt 10 km med spesialtilpassa slange frå Pro-Flex. (Privat foto)
Aqua Circke er kunde frå før og har brukt 10 km med spesialtilpassa slange frå Pro-Flex. (Privat foto)
1 av 2
Møgster takka ikkje berre ja til oppdretts-sortimentet (t.h.), men heile sortimentet. (Foto: KVB)
Aqua Circke er kunde frå før og har brukt 10 km med spesialtilpassa slange frå Pro-Flex. (Privat foto)

Aqua Circle AS, som i fjor blei etablert på bakgrunn av ei oppfinning knytt til fôring av reinsefisk, fortalte i mai om fleire nye produkt og nye partnarar.

No har dei i tillegg blitt forhandlar for Pro-Flex AS.

Bergensfirmaet Pro-Flex er totalleverandør av slangar og koplingar til både oppdrett, transport, verftsindustri og offshore, og leverer slangar i ulike materialar, også rustfritt stål.

Selskapet vaks frå 59 til 76 millionar i omsetnad frå 2013 til 2014.

Frå kunde til forhandlar

– Vi har vore kunde hos Pro-Flex sidan start, fôringsslangane vi bruker er spesialprodusert til oss, fortel gründar Jonny Møgster.

Møgster har sagt seg opp som driftsleiar i Lerøy og jobbar fulltid for Aqua Circle.

– Vi har allereie brukt 10 km slangar i fôringsanlegga våre og har kjøpt yttarlegare 9 km.

– Då dei spurde om vi ville bli forhandlar for oppdrettssortimentet så sa eg at vi i så fall ville ha fullsortiment, og det fekk vi.

Frå gravemaskin til båt

Aqua Circle har no bygd om og utvida verkstaden med eigen slange- og hydraulikkavdeling.

– Vi har òg eit lite lager, men alt kan uansett skaffast i løpet av eit par timar.

– Her har vi slangar til kva som helst, frå maritim sektor til landbasert industri. Vi har allereie merka at behovet i Os er variert og at mange vil sleppa å reisa til by’n for å få tak i ein slange.

Aqua Circle, som no har tre tilsette, utvidar til fire.

– Vi var heldige då vi søkte etter folk og fekk tak i ein som tidlegare har jobba som seljar hos Pro-Flex i rundt ti år. Han hadde sagt seg opp før vi blei forhandlarar, men var klar for comeback i bransjen og startar hos oss over ferien.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.