Kultur | 28. juli 2015

Frå Nattjazz til jazz på Os

Osfest: Laurdag blir det både barnekonsert og jazzkafé på Oseana. – Inventarium som spelar på jazzkaféen skriv seg faktisk tilbake til nattjazzen i Bergen i 1985, fortel Janne Mari Hjelle.

Frå Nattjazz til jazz på Os
Knut Kristiansen og Linda Farestveit har med seg Ole Amund Gjersvik og Frank Jakobsen i Inventarium (pressefoto)
Andris Hamretirsdag 28. juli 2015 12:31

Det er ikkje berre på grusplassen mellom kyrkja og ungdomsskulen det blir festivalstemning i helga. Også ute på Oseana er det duka for fest.

– I tillegg til Christine Sandtorv og stjerneteller-koret skipar vi til den tradisjonelle jazzkafeen i restauranten frå klokka 16, fortel Janne Mari Hjelle, arrangements- og marknadskoordinator ved Oseana.

Møttest under nattjazzen

Det musikalske under jazzkafeen står bandet Inventarium for med Knut Kristiansen på piano, Frank Jakobsen på trommer, Ole Amund Gjersvik på kontrabass og Linda Farestveit på vokal.

– Kristiansen og Farestveit har etterkvart fått ei lang fartstid saman. Dei møttest under nattjazzen i Bergen tilbake i 1985. Noko som resulterte i bandet Night & Day og ei aktiv turnékarriere med mellomanna klubb- og kyrkjekonsertar i tillegg til festivalar. Dei gav òg ut ei plate i 1991, fortel Hjelle.

Med nytt materiale

I Inventum har dei vidareført ein del av repertoaret frå 80- og 90-talet ved å spele mange av Kristiansen sine originalkomposisjonar som er skrivne spesielt for Linda.

– Men det har også kome til nytt materiale, ikkje minst på grunn av samarbeidet med Ole Amund Gjersvik, som bør vera vel kjend for dei fleste osingar, og Frank Jakobsen.

– Eg trur eg kan garantera at du kjem i den rette og svingande festivalsteminga om du legg turen utenom her på laurdag, avsluttar Janne Mari Hjelle, før ho legg til at billettar blir seld i døra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.