Sport | 05. juni 2014

To frå Os på kretslaget

Andrine Røttingen Døsen og Anne Fjeldstad er del av troppen når Hordaland måndag møter Sogn og Fjordane til kamp i Aurland.

To frå Os på kretslaget
Andrine Døsen (t.v.) og Anne Fjeldstad, her i seriekamp mot Voss tidlegare i vår. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. juni 2014 06:42

Måndag 9. juni skal 99-årgangen frå Hordaland møta Sogn og Fjordane i Aurland.

Både gutar og jenter reiser til kamp 2. pinsedag, og Hordaland stiller med ein tropp på 15 jenter, 2 av dei frå Os.

Andrine Røttingen Døsen og Anne Fjeldstad er del av det sterke J16-laget til Os.

Andrine er frå Øyane og spelte mange år for Nore Neset før ho hausten 2012 kom til Os, Anne spelte for Lysekloster før ho i 2009 kom på lag med 98-årgangen på Kuventræ.

Kretslaget for gutar reiser med ein tropp på 16. Ingen av dei er frå klubbar i Os kommune.

Sjå fotball.no for heile uttaket.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.