To frå Os tatt ut til landsdelssamling
Madelen K. Holme og Ole Martin L. Kolskogen er tatt ut til landsdelssamling i Trondheim første helga i desember.
Fredag til søndag 2. til 4. desember er det landsdelssamling i Trondheim for U14 (fødd 2002) og U15 (fødd 2001), gutar og jenter, i Trondheim.
Spelarar frå storklubbar som Viking, Brann, Aalesund og Rosenborg er representerte i uttaka for dei to årgangan, det er òg to spelarar frå Os.
Madelen Koldal Holme (U14), som er vaksen opp i Lysekloster og no speler for Gneist, vann nyleg Lagunen Cup i klassen tre år opp, Gneist J17.
Madelen er tatt ut til landsdelssamling, det same er Os-spelar Ole Martin Lekven Kolskogen (U15).
Ole Martin debuterte på A-laget til Os i år og fekk ros av El Fakiri etter at han starta for Os i siste og avgjerande runde borte mot Sotra.
Både Holme og Kolskogen var på landsdelssamling også i vår.
Kartlegging av landslagsaktuelle spelarar
Uttaka er førebels ikkje publiserte på Hordaland fotballkrets si side, men er å finna hos nabofylket i nord.
Landsdelssamling er ein del av NFF sin landslagsskule. Intensjonen er å kartlegga og skulera opp landslagaktuelle spelarar.
Målet er at spelaren etter endt samling kjem heim til klubben med meir motivasjon og inspirasjon til vidare utvikling.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.