Sport | 30. aug. 2014

Frå Os til Tyskland

Fotballtalentet Kenneth Gjerde, som kom til Os i vinter, er no klar for den tyske klubben Bonner SC.

Frå Os til Tyskland
Kenneth Gjerde, her i kamp for Os 2. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 30. aug. 2014 08:45

Han starta i Samnanger, men var i både Åsane og Brann før familien flytta til Os og Kenneth Gjerde (17) meldte overgang.

Les òg: Kenneth signerte - og putta to

Både i fjor og i forfjor var han på treningsopphald i Köln, og i sommar var han på prøvespel i Tyskland igjen.

– Det er manageren min som styrer med det, og no ser det ut som om det blir overgang, sa Gjerde til Midtsiden.

Fredag blei han ifølgje BT speleklar for Bonner SC, ein klubb i det som var hovudstaden i Vest-Tyskland, Bonn.

Der skal han spela for U19-laget, som konkurrerer med klubbar som Schalke 04, Bayer Leverkusen og FC Köln.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.