Lokal | 28. apr. 2009

Frå restavfall til plast

Med ny prototype for plast og fersk støtte på 35 millionar kroner satsar Arvid Johannessen vidare. Os er framleis test-kommune.

Frå restavfall til plast
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. apr. 2009 20:44

Bildeserie:

1 av 3

Han kom nesten så langt som det gjekk an å koma i TV 2-programmet Skaperen.

- Vi tapte semifinalen med knapp margin for han som vann, fortel Arvid Johannessen.

Ideen til avfallspressa fekk han då han var lei av å stå og trampa i bosspannet sitt kvar veke, for å få plass til den siste posen.

- Eg lagde ei enkel presse. Så såg naboen denne, og ville ha lik.

Johannessen fekk 350 000 kroner i etablerarstipend frå Innovasjon Norge. Så kom Haugland Group frå Austevoll inn som investor, med 50 prosent av aksjane i MPE Products AS.

No har selskapet fått 35 millionar kroner i tilskot frå same organisasjon - for å bygga fabrikk i Romania.

Presenterte prototype på plastpresse
Den første oppfinninga, "Avfallspressen", står på eit stativ som du rullar restavfallsdunken inn i. Pressa styrer du for hand.

I dag viste Johannessen ein fersk prototype på plastpressa framfor rådhuset på Os.

- Plast har stort potensiale for kompresjon, kanskje kan vi klara oss med fire tømmingar i året i staden for tolv, som vi har no, trur oppfinnaren.

I tillegg har pressa ei skuffe med plass til ting som er lett for å kasta i restavfallet, men som ikkje høyrer heime der. Som tomme syltetøyglas, brukte batteri og lyspærer.

10 prototypar er produsert, i aluminium. Produktet som skal ut i marknaden skal produserast i plast.

Inspirert til testing i Os
Kvifor tok Johannessen tidleg kontakt med Os kommune?

- Dei seier ja om ikkje dei har god grunn til å seia nei.

Dette er musikk i Søviknes sine øyre.

- Ikkje alle som kjem til oss med idear, har kome med like gjennomtenkte prosjekt. Men høyres det bra ut får dei ein halvtime til å fortelja meir, seier ordføraren, og viser til eit av dei fire hovudpunkta i Os Inspirerer.

Søviknes sto tidleg fram saman med Johannessen. Rundt 50 avfallspresser for restavfall blei før påske plassert ut til hushaldningar i Os for testing.

- I slutten av mai skal vi ha ei evaluering, saman med MPE og Bir, som også er med på prosjektet.

Sparar kroner og miljø
Målet til MPE er å få avfallspressa ut til flest mogleg hushaldningar, både i Noreg og i andre land i verda.

- Bossdunkane er like i store delar av verda. Ved å kompimera bosset kan det hentast sjeldnare, noko selskapa som handterar avfallet sparar tid, diesel og kroner på. I tillegg skal hushaldningane kunna spara pengar på færre hentingar, seier Johannessen.

MPE har gjort godt forarbeid, også på finansiering for forbrukar. For rundt 20 kroner per månad kan du leasa deg dei to pressene. Tanken er at du då kan spara pengar i redusert renovasjonsavgift.

- Kva med selskapa som driv med henting. Er dei interesserte i å få mindre å gjera på?

- Om dette sparar miljøet og samstundes gjev betre økonomi, så har dei ikkje noko val. Som medeigar i Bir har vi i Os kommune vore tydelege på at dette skal testast ut og bli tatt på alvor, seier Søviknes.

På spørsmål om Os kommune har vurdert å kjøpa seg inn i selskapet, svarar ordføraren at verken han som privatperson eller kommunen har eigarinteresser i MPE.

- Men vi synes det er kjekt å sjå dette utvikla seg så raskt. Det er spennande å vera del av slik nyskaping. Det liknar litt på Vitaltour sin start, med helsereisene som vi var med på, og som no er millionbutikk for eit firma etablert i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.