Kultur | 24. mars 2015

Frå romjuls- til påskeblues

Romjulsbluesen har blitt eit populært arrangement og ein tradisjon på Peppes. No blir det påskeblues på osingane.

Frå romjuls- til påskeblues
Steinar Lyssand er klar for påskeblues laurdag. (Foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtirsdag 24. mars 2015 14:55

I fleire år har romjulsbluesen vore fast innslag på Peppes Pizza Os, noko osingane tydeleg har satt pris på.

– Forrige romjulsblues blei billettane reve vekk, og no ville vi sjå om det var interesse for eit arrangement i påsken, fortel Steinar Lyssand, ein av arrangørane bak bluesarrangementet.

Og det ser ikkje ut som om påske er ei mindre populær veke for bluesmusikk, billettsalet har gått jamnt og trutt sidan lanseringa.

– Salet har gått vannvittig bra, vi har nokre få billettar igjen så det kjem til å bli fullt hus på laurdag og.

Sjå her for ei oversikt over kva meir som skjer i utelivsbransjen på Os i påsken.

Fått med ei legende

Saman med Dag Bergesen Band og Hungry John vil Lyssand stå på scena laurdag 28. mars, klare til å gje osingane den rette stemninga til påske.

– Dag Bergersen Band er hovudbandet denne kvelden, han er ein kjent travar i bluesmiljøet.

– Og så er eg veldig stolt over at Hungry John kjem for å spela nokre Bergen Bluesband låter, han er jo ei legende.

Lyssand er sjølv ei av drivkreftene i bluesmiljøet i Os, mellomanna som vokalist i Blue Note Shuffle.

Uroa ambulansearbeidar

Lyssand gler seg stort til helga, men forrige veke kunne det sjå litt mørkt ut for konserten, i alle fall for hans del.

– Eg blei akutt sjuk og blei henta med ambulansen fredag.

Lyssand måtte fjerna blindtarmen, men det skulle meir til for å stoppa den engasjerte musikaren.

– Eg har fått restriksjonar, det blir ikkje så mange låtar som planlagt frå mi side og eg må sitja når eg speler, men eg er klar.

– Sjølv om eg ikkje kan hoppa på borda så skal eg rocke likevel.

Noko av det Lyssand set stor pris på er engasjementet til publikum og at dei alltid stiller opp.

– Til og med i ambulansen så fekk eg eit bekymra spørsmål om kva som skjer med påskebluesen no, seier han lattermildt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.