Lokal | 02. apr. 2020

Frå snøstorm til 11 gradar og sol

Starten på påskeferien får vekslande vêr: I dag samla hagl seg i flak i Os hamn.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. apr. 2020 12:39

Vêret i os har vore vekslande dei siste vekene, frå solfylte helger til våte kvardagar, men temperaturen har halde seg stabilt låg, rundt 4-5 gradar.

Onsdag og torsdag har det vore nokre kast med kuling i styrke, i dag også med hagl og snø.

– Haglbygene skapte eit flott mønster i Os hamn, det var nesten som små isflak då sjøen ikkje smelta iskulene fort nok, seier Oluf Hessen.

Han filma vêret frå balkongen sin på Os Sjøfront.

Frost laurdag - varmare frå søndag

Det er fare for meir av både snø, hagl og vind over 10 m/s i ettermiddag. I morgon skal vinden løya og skyene letta, men det kan koma noko snø også fredag.

Fredag kveld og natt til laurdag er det meldt minusgradar. Har du skifta til sommardekk, bør du med andre ord vera ekstra varsam.

Laurdag fram til klokka 18, og søndag etter klokka 12, er det meldt lettskya og sol, mens det er meldt regn frå laurdag kveld til rundt sein frukost-tid søndag.

Frå søndag skal det dessutan bli varmare.

Sol og varme tysdag og onsdag

Det er meldt 10 gradar søndag, 13 gradar måndag og rundt 10 gradar både tysdag og onsdag.

Måndag ettermiddag skal det regna, mens dei beste vêrmeldingane no er for tysdag og onsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.