midtsiden

Frå start mot Løv-Ham 2

I dag spelar A-laget årets første heimekamp. 16-åringen Baste Jonassen debuterer frå start.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os starta serien bra, med 2-0 borte mot eit baktungt Norheimsund. I dag skal Os sitt mannskap spela årets første heimekamp, klokka 19 mot Løv-Ham 2.

- Eg reknar med at dei stiller med 7-8 spelarar frå Adecco-nivå, så det blir nok ein jamn og god kamp. Det likar eg, Os har godt av å bryna seg på gode lag, seier hovudtrenar Frank Hellevik.

- Og eg håpar vi klarar å overraska både motstandar og publikum med ekstra fin fotball i kveld, legg han til.

Russen får kvila
Blant dei 11 som spelar frå start ser vi nokre endringar frå kampen mot Norheimsund. Hjertnes er flytta bak frå høgre kant til høgre indreløpar, medan Christian Almeland har blitt flytta frå venstre kant til høgre kant. Plassen på venstre kant er det ikkje Andreas Bjørnen, som var sjuk i førre kamp, men Ramo Racic som har fått.

- Men Andreas er med i laguttaket, og startar på benken.

Ramo skåra tre mål i  kampar for Os 2 og Os junior elite i helga. I laguttaket finn vi også 16-åringen Baste Jonassen som tar Anders Glesnes sin plass på høgre back.

- Baste har gjort det veldig skarpt i vinter, og kjem nok til å få ein fin debut for A-laget i dag, trur trenaren.

Preben Borgen og Dani A. bergstø er blant spelarar i A-stallen som er russ. Begge er med i uttaket, men startar på benken. Tore Valvik, som starta på benken mot Norheimsund, blei skadd på trening torsdag, og er ikkje med. Per Søgnen Merai har vore skadd, men er på veg tilbake i form.

Desse 11 spelar frå start (4-3-3): Halvard Enes, Baste Jonassen (h.b.), Einar Algrøy, Vegard Borgen, Remi Osebakken (v.b.), Vegard Leikvoll Moberg (sentralt), Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Christian Almeland, Ramo Racic og Tim Henrik Sperrevik.

På benken sit Kjetil Hansen, Dani A. Bergstø, Preben Borgen, Christer Olsen, Tony Skarvatun, Anders Glesnes og Andreas Bjørnen.

Fleire saker