Kultur | 05. nov. 2009

Frå Tarantino til WT

For to veker sidan møtte Død Snø-Omberg Quentin Tarantino på Scream Award, i går var han på filmfestival i Fjellheim.

Frå Tarantino til WT
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. nov. 2009 09:54

Bildeserie:

1 av 2

Folka bak «Kill Buljo - The Movie» skapte eit nytt fenomen med nazizombie-filmen «Død Snø». Og før «Død Snø» kom på kino kunne du sjå den på ein snik-snik-premiere i Fjellheim.

Når arrangørane av WT Filmfestival skriv «surprise» på programmet er det verkeleg surprise. I går var det ny overraskande film på programmet, men Midtsiden.no får ikkje veta kva film som blei vist. Men vi møtte ein av co-produsentane til «Død Snø» i Fjellheim denne kvelden, Kjetil Omberg.

- Dette er fjerde året eg er på Os under denne festivalen, fortel Omberg, som for to veker sidan var i nesten like staseleg selskap, på Scream Award i L.A. Der møtte han splatter-kongen Quentin Tarantino.

- Frå Scream, Cannes og Toronto, til WT International Film Festival på Os. Eg reknar med du ikkje rekk innom alle mindre festivalar, kvifor WT?

- På grunn av alle dei vakre menneska. Nokre av dei møtte eg på BIFF i Bergen og det første året eg kom til Os var også Kalle Løken her, med den nye Ole Bull-filmen. Det var litt artig, sidan eg og Kalle jobba saman.

- Kva får deg til å koma tilbake?

- Framleis dei vakre menneska, og sjarmen til festivalen. Det er flott at arrangørane held fram med denne festivalen, kulturhuset som er under bygging er verkeleg noko å sjå fram til for både arrangørar og publikum, seier Omberg.

Om han sjølv har noko med årets «surprise»-film å gjera, ville han ikkje seia noko om.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.