Lokal | 07. mars 2017

Framleis ikkje godt nok

Krysset mellom Torkjelsvegen og Reset er ikkje godt nok meinte PBU og sendte reguleringsplan i retur.

Framleis ikkje godt nok
Krysset mellom Reset og Torkjelsvegen er trafikkfarleg. Administasjonen må finna ei betre løysing meinte politikarane (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 07. mars 2017 10:32

Bildeserie:

Sik ser reguleringskartet politikarane sendte i retur ut (ill: Os kommune)
Sik ser reguleringskartet politikarane sendte i retur ut (ill: Os kommune)
1 av 1
Sik ser reguleringskartet politikarane sendte i retur ut (ill: Os kommune)

Alt i 2014 starta planarbeidet med å gjera Torkjelsvegen frå krysset ved Reset til ein tryggare skuleveg. Kommunen har etablert ei trafikklomme for levering og henting av elevar ved Lunde barneskule litt vest for skulen, men sjølve krysset har ein ikkje funne løysing på.

I sist møte i Plan- og bygningsutvalet (PBU) la administrasjonen fram den endelege reguleringsplanen for godkjenning, men slik gjekk det ikkje.

– I diskusjonane vi har hatt tidlegare har ankepunktet vore krysset. Det har òg vore ei uro i trafikksikringsutvalet. På vårt gruppemøte var det eit ønskje om å sjå på krysset på nytt. Ein må ta mykje meir av det.

– Slik det er no er det direkte trafikkfarleg. Det er vanskeleg for skulebussane å komma seg rundt og opp det og det har kome mykje trafikk i løpet av desse åra. Kva ser administrasjonen for seg i høve ei kjapp og grei endring på dette, innleia Gustav Bahus (Frp).

Sendte planen i retur

Asle Andås frå administrasjonen fortalde at ein hadde gjort ein del med krysset utan å gå inn på andre grunneigarar enn det som er situasjonen i dag.

– Dette er ikkje godt nok med tanke på den utvidinga som har vore på skulen, kommenterte Bahus som forslo at planen skulle sendast tilbake for ei ny runde i administrasjonen.

– Eit minste krav er at det er lengeprofilar med i saksutgreiinga. Ein bør heva Reset i forhold til Torkjelsvegen, supplerte Ove Frotvedt (Frp).

Må på ny høyringsrunde

Eit samrøystes PBU støtta forslaget om å sende saka tilbake.

– Kor lang tid vil det ta. Jo tidlegare vi får det til jo betre. Vi kan ikkje venta i årevis, poengterte Harald Døsen (Ap), som fekk til svar at saka no måtte på ei ny høyringsrunde etter at administrasjonen har omarbeidd den.

Dette er det samrøysta vedtaket «Saka vart sendt attende til administrasjonen for omarbeiding. Ein må sjå på stigningsforholda og utbedring av krysset Torkjelsvegen - Reset.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.