Lokal | 09. nov. 2018

Framleis mogleg å koma seg til topps

Beste turvêret får du i dag, men det ser ikkje så hakkande gale ut for resten av helga.

Framleis mogleg å koma seg til topps
Det er framleis tid og vêr til å fullføra Vandrefalken eller Jaktfalken. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 09. nov. 2018 13:46

I juni vart Vandrefalken og Jaktfalken relansert av Hegglandsdalen idrettslag og Os Turlag. I samarbeid med Jernia Paul M Sælen & Co vart det revidert fjelltopp-liste, nye kort, postkassar og premiar.

Vore god aktivitet

Henriette Færevaag i Hegglandsdalen il fortel at det framleis står att å få opp nokre av dei nye postkassane, men at dei har merka god aktivitet etter relanseringa.

– Vi ser at mange har nytta seg av appen DNT Sjekk UT, og samstundes er det kjekt at mange har vore innom hos Jernia og registrert seg.

Hos Jernia kan dei fortelja at 71 personar har registrert seg for anten Vandrefalken eller Jaktfalken-merka.

Til no har 36 personar vorer innom og henta seg ut kopp som premie for fullført merke.

Færevaag fortel at appen er open for registrering fram til 1. desember, og i starten av desember vil det verta trekt ein vinnar blant dei som har registrert seg via appen eller hos Jernia.

– Du kan enno rekka det, så det er berre til å koma seg på tur, seier Færevaag.

Best i dag - ujamnt resten av helga

Pent.no melder om strålande vêr resten av fredagen, så om du har god lommelykt, er det berre å ta deg ein fjelltur i kveld.

Laurdag ser bra ut fram til klokka 12, men så er meldt frå 2,2 til 3,6 mm regn fram til klokka 18. Har du framleis batteri att i lommelykta, og regntøy, kan du ta ein fjelltopp til i 1,8 til 3,0 mm regn seinare på kvelden.

Sundag byrjar med 3,2 til 5,0 mm om natta, men mellom klokka 06 og 12 rekk du ein topp til. Då skal det bli overskya, men opplett.

Etter det er det heile litt vagt, men det er ikkje store nedbørsmengdene det er snakk om. Regnet vil så ta seg opp att utover sundagskvelden.

For neste veke ser måndag og spesielt laurdag ut til å verta gode turdagar.

Treng du gode kart og turforlag er appen UT.no ein god hjelpar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.